JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Psykedelisk familiedrama – full guffe!

Ein brannfakkel av eit stykke glimrar satirisk og peikar mot ei uklår framtid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marika Enstad turnerer replikkane med brutal eleganse og er eit fyrverkeri i rolla som mor, skriv Bent Kvalvik. Lasse Lindtner spelar far.

Foto: Øyvind Eide

3082
20220826
3082
20220826

Nationaltheatret /Torshovteateret:

Taylor Mac:

Hen

Omsett av Knut Nærum
Regi: Cathrine Telle
Scenografi/kostyme: Katja Ebbel
Komponist: Stein Johan Grieg Halvorsen

Den amerikanske allkunstnaren Taylor Mac fekk Den internasjonale Ibsen-prisen for to år sidan. Han er både dramatikar, skodespelar, dragartist, komponist og sikkert endå meir. At han fekk prisen, vart grunngjeve med at denne mannen står som ein lynskarp og glitrande fornyar av vår tids teateruttrykk.

Skodespelet Hen frå 2014, som etter ærefull internasjonal suksess no omsider har hatt noregspremiere, kan trygt gå som ei god kvittering for prisen. Som faste teatergjengangar er det mange av oss som kan bli slitne av trendar og gjentakingar, framsyningar som så gjerne vil vere originale, men eigentleg berre er moteriktige. Difor er det mest som vi hoppar i stolane når det brått kjem noko som faktisk er originalt. Ei slik framsyning er Hen.

Snudd på hovudet

I utgangspunktet er sjølvsagt ikkje familiedramaet noko originalt val som skodespelemne. Mest alle dei viktigaste stykka i verdsdramatikken er jo nett det. Men Taylor Macs familiedrama er nærast som ein cocktail av Lang dags ferd mot natt og Mot i brøstet, og kombinasjonen er mildast tala eksplosiv.

Vi kjem inn i ein heim som ser ut som eit søppelrom. Her møter vi ei utmaia mellomaldrande mor, ein slagramma, terrorisert far som er blitt sminka med klovnefjes og kledd i dameklede, ei(n) transseksuell – eller kva heiter det? – dotter/son og ein traumatisert son som kjem heim frå vond og fælsleg krigsteneste.

I eit familieunivers som opphavleg har vore klassisk, borgarleg, med autoritær far/ektemann og omsorgsfull mor/hustru og lydige born, er alt snudd på hovudet. Kvinna er vorten metodisk antihusleg, antiomsorgsfull, antimoderleg, mannen eit nærast umælande kryp, og generasjonen under har reagert på sitt vis. Den heimvende sonen er den som gjer opprør mot opprøret og går i knasande nærkamp med mor si.

Brutal eleganse

I dette ubehagelege konfliktområdet vert dramaet fort til ein galgenhumoristisk replikkomedie der dramatikaren, nett ved å snu tradisjonsmønster på hovudet, får levert ei perlerad av rammande, ironiske kommentarar til vår usikre kulturelle samtid, der vi både kjenner oss kua av krenkingstyranniet og nærast kan kome i limbo med omsyn til identitetsmedvitet.

Marika Enstad som mora turnerer replikkane med brutal eleganse og er eit fyrverkeri i rolla. Sigurd Myhre som den opponerande sonen gjer òg ein eldglødande prestasjon. Lasse Lindtner spelar den slagramma faren og Jaden Healey den kjønnstvitydige Max, båe med intenst, overtydande nærvær.

I det heile har Cathrine Telles eruptive regiløysing ein puls som gjer at det heile går stupfort av garde i to og ein halv time – i eit stykke der det faktisk ikkje er så mykje ytre handling.

Med dette er det ei glede å kunne konstatere ein fykande start på ein ny teatersesong.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis