Poetisk og fint debutarbeid
Sterkt og tankevekkjande om lagnader som er blitt altfor daglegdagse.
Ameli Isungset Agbota og Sissel Ingri Tank-Nielsen.
Foto: Sebastian Dalseide
Den Nationale Scene, Lille Scene
Sumaya Jirde Ali:
Havet tar det det ikke gir
Regi og visuelt uttrykk: Annika Silkeberg
Musikk og video: Fredrik Arsæus Nauckhoff
Dette stykket er dramatikardebuten til den sterkt prislønte poeten, aktivisten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali, som den siste tida har hatt sitt eige Antonsen-drama. Ho kjem langt, langt betre ut av debuten enn Antonsen gjorde med si barframsyning. Så bra er dette stykket, at det er grunn til å sjå fram til meir frå denne forfattaren.
Stykket tek ikkje berre utgangspunkt i diktsamlinga Når jeg ser havet, slokner lyset, som ho gav ut for snart to år sidan, det har òg henta både historia og personane frå desse dikta, men ho har likevel evna å gjere dette til eit poetisk og språkleg presist drama.
Det fortel om ungjenta Samira (Ameli Isungset Agbota), som har flykta frå Somalia, korleis ho tek seg over havet og om livet i ein flyktningleir. Det er dels ein monolog, dels ein dialog med bestemora (Sissel Ingri Tank-Nielsen), som stundom figurerer på scena og stundom på video. Havet er personifisert i Stig Amdam, som fungerer meir som ein kommentator.
I oppsettinga av Kjærlighetens Antarktis fylte regissør Silkeberg scena med dels heilt unødvendige effektar. Også i Havet tar det det ikke gir ser scena ut som eit roteloft, men her gir det meir meining – det kan symbolisere havforureininga, som rett nok ikkje blir tematisert i stykket. Der gjeld det eksistensielle spørsmål som liv og død, identitet, fridom, tilhøyrsle og sakn, lausriving, venting og forventningar til livet.
Agbota har synt ei fin kunstnarleg utvikling dei siste åra, og her beherskar ho rolla på overtydande vis. Også samspelet med Tank-Nielsen fungerer framifrå.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.