Par i to
Kaia Dahle Nyhus er ein diktdebutant med innful humor og kjærleik.
Kaia Dahle Nyhus vart prisa då Kulturdepartementet heidra barne- og ungdomslitteratur utgjeven i 2018. No har ho skrive dikt.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Kaia Dahle Nyhus vart prisa då Kulturdepartementet heidra barne- og ungdomslitteratur utgjeven i 2018. No har ho skrive dikt.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Den prislønte illustratøren og barnebokforfattaren Kaia Dahle Nyhus lyrikkdebuterer med diktboka Du sier, jeg sier. Kanskje er det utilbørleg generaliserande å hevde at forfattarane på Flamme Forlag verkar å ha noko felles i måten dei nærmar seg lyrikken på: Ein lyrikkstil som dyrkar det likeframme, snakkedrivne og prosanære. Viss det er slik, er det interessant at boka til Nyhus nærmast berre har setningar som vert innleidde med «du sier» eller «jeg sier» og bevegar seg att og fram som ein bordtennisball. Å nøye referere til at det vert talt, er kanskje overflødig når ein ser at replikkane skiftar, men på same tid utgjer nett dette aspektet den fiffige strukturen diktboka er bygd rundt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.