Over Atlanteren med robåt og hestFilmen om Oskars draum om Amerika er tidenes uansett tid og stad.BYGDEDRAMA
Filmen om Oskars draum om Amerika er tidenes roadmovie uansett tid og stad.
Odin Eikre spelar Oskar med glans.
Foto: Storytelling Media
Ikkje utan motvilje skal ti år gamle Oskar og mor hans vere på garden til bestefaren i sommarferien – ein sommar meir hendingsrik enn nokon skulle tru. Oskar møter Levi (Jørgen Langhelle), som bur i nærleiken med den nærsynte hesten sin. Oskars mor er i sterk ubalanse, og muntert skal det i alle fall ikkje bli når bonden Helmer (Bjørn Sundqvist) er på sitt mest pottesure andsynes dei som kjem han nær.
Uvêret er i emning då mor til Oskar, spela av Marie Blokhus, kunngjer at ho vil fare til Amerika, i trua på å ha fått seg ein jobb. Ho skriv brev, men er dei sanne? Inn på banen kjem Levi – den uflidde hestekaren som lagar briller til bruk for hestar, og som fortel at han lærte skytekunsten av mor si. Han kan også fortelje den sanne soga om Frank Samuelson frå Farsund og George Harboe frå Sandar som i 1896 var dei første nordmennene som rodde over Atlanterhavet, på 55 dagar.
Heime går folk på bygdekinoen for å sjå Dei kvite hestane, samstundes med at familiedramaet endrar karakter. Det smell i bomber og granatar, eit hus går opp i røyk og det blir Oskar, glimrande spela av Odin Eikre, som heile tida har vore ei drivkraft, som må ta styringa. I allianse med Levi og den kvite ponnien om bord, er vi klare til å følgje ruta til pionerane Harboe og Samuelson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.