Om menn og mus og fjell
Klassiske mannedrama har vel også livets rett, all den tid dei er så vellaga som dette.
Alessandro Borghi (t.v.) og Luca Marinelli i rollene som høvesvis Bruno og Pietro i Alpane.
Foto: Alberto Novelli / Selmer Media
Drama
Regi: Felix van Groeningen, Charlotte Vandermeersch
De åtte fjellene (Orig. tittel: Le otto montagne)
Med: Luca Marinelli, Alessandro Borghi, Giovanni Guasti
Då sommarferiane vert lagde til ei hytte oppi fjella i Valla D’Aosta, vert unge Pietro kjent med Bruno, som arbeider på setra til onkelen når han ikkje er med faren på murarjobbing. Åra går, dei har ikkje så mykje kontakt, men foreldra til Pietro (Marinelli) held stadig kontakten med Bruno (Borghi). Så skjer det noko som gjer at Pietro vender tilbake til fjella.
Gutefilm
Menn og fedrane deira, menn og naturen, menn og venskap – det klør ikkje akkurat i hjernen min av forventningar til desse gjennombehandla temaa, både på film og i litteraturen. Og det er nettopp romanen med same tittel som er utgangspunktet, bestseljaren skriven av Paolo Cognetti, men ikkje basert på livet hans, som eg kanskje tenkte.
De åtte fjellene er med andre ord ei slags maskulin ønsketenking. Heilt sidan eg las Tom Sawyer fyrst og så bøkene til John Steinbeck nokre år seinare, har eg automatisk identifisert meg med dei mannlege hovudpersonane, deira dilemma og kvalar, gleder og undringar. Det var ikkje før eg blei eldre, at eg reagerte på at kvinner så til dei grader ikkje figurerte i fiksjonen på tilsvarande måte. Jenter ser filmar om gutar, gutar ser ikkje filmar om jenter (ikkje mine ord, Hollywood sine). Så klarar eg å rista av meg min feministiske irritasjon? Ja då. Eg òg vil jo til fjella!
Tilbake til kulturen
Og for nokon fjell! Valla D’Aosta ligg heilt nord i Italia, kjent for både Matterhorn og Mont Blanc, og skiturisme. Men det er ikkje eit skitrekk i sikte i De åtte fjellene, berre nydeleg, bratt alpelandskap og nesten synleg lukt av gras og kyr. Og så to særdeles barske, vakre menn som klarar å vera truverdig barske og sårbare på same tid, på ein herleg lite klisjéaktig måte.
Her er ikkje lagt opp til unødig drama eller unødig ladde samtalar, likevel skjer det mykje. Regissørane har ikkje fatta seg kort, med to timar og førtifem minutt kunne eg fort kjeda meg, men Felix van Groeningen kan det å laga drivande drama. Eg tenkjer fyrst og fremst på supre Alabama & Monroe (2012) og helst ikkje på den siste suppete Beautiful Boy (2018).
Med De åtte fjellene klarar han og medregissør og medmanusforfattar Vandermeersch å halda på interessa mi frå start til slutt. Sjølv om dialogen ikkje er sentimental, så er ramma rundt det. Tilbake-til-naturen-temaet er relativt universelt og kjønnsnøytralt, og i dette tilfellet toler eg ganske gode dosar med den typen sentimentalitet, sjølv utan farskompleks og skjegg.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.