Ny nynorskversjon av songskatt
Norstoga og Reistad byr på friske versjonar av Hartvig Kirans omsetjingar av nordamerikanske folkesongar.
Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad har spelt inn gamle viser.
Foto: Gudrun Kristine Semons
Viser
Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad:
Tom Duley og andre viser
Lydpressa
Americana er eit stilistisk samleomgrep som ein støyter på rett som det er for tida. Det kan tyda så mangt, alt etter kven som nyttar ordet, men fellesnemnaren er ofte eldre nordamerikanske musikkformer som country and western og bluegrass, vanlegvis framførte med akustiske instrument som banjo og gitar. Store delar av dette repertoaret kan gjerne kallast «folkeviser».
Det som er spanande med slike viser, er at dei kan dukka opp til ulike tider i så mange slags utformingar. Visene på denne plata finst i eit utal versjonar på originalspråket, men vart omsette til norsk av Hartvig Kiran (1911–1978) så tidleg som i 1962, då han gav ut boka Tom Duley og andre viser etter amerikanske folkesongar. Boka vart populær under «visebølgja» på 70-talet, og vert gjennom denne produksjonen vekt til liv på ny.
Ein sterk kvalitet ved omsetjingane til Kiran er at velkjende songar (som «I gave my love a cherry» og «Tom Dooley») framstår som heilt nye i nynorskversjon. Det hjelper dessutan at Aasmund Nordstoga er ein framifrå tekstformidlar. Og det er teksten – desse små forteljingane på rim – som er i fokus heile vegen. Plata er til og med ei av dei få som startar rett på songen utan noka form for førespel: «Oppe ved osen bur jenta mi på lag/ labbar opp til henne ein midtvekedag.»
Men når det er sagt: Dette er ein heilskap der Åsmund Reistads enkle, men smakfulle arrangement lyfter det heile opp på eit høgare nivå. Hovudinstrumentet er akustisk gitar, men det førekjem dessutan fleirstemd koring og spreidde innslag av piano, banjo og melodica. Plata er atter ei stadfesting på slitestyrken til desse gamle visene.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Austad kyrkje, som no er stengd.
Foto: Olav Grendstad
Kyrkjeforvirring i Bygland
Bygland er ein kommune på Agder. Han har under 1200 innbyggarar, og det har vore minkande folketal i mange år. Men noko vert det ikkje færre av: kyrkjebygg.
På vei opp til Himmeltinden, Vestvågøy i Lofoten.
Foto: Pernille Ekornrud Grøndal
Friluftslivsparadokset
Det norske friluftslivet har vorte kommersielt. Kan vi sjå føre oss eit meir nøkternt alternativ?