JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Nøktern nokturne

Sannkrim kan heldigvis framleis lagast på ein spennande, nyansert måte utan å framstå som grafsete eller spekulativ.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cara Buono (t.v.), Elle Fanning og Kai Lennox i ei scene frå krimserien.

Foto: Steve Dietl / Hulu

2880
20220715
2880
20220715

Psykologisk krimdrama

Serieskapar/regi: Liz Hannah og Patrick Macmanus

The Girl from Plainville

Med: Elle Fanning, Chloe
Sevigny, Colton Ryan
Serie Viaplay

Conrad (Ryan) tek livet av seg, og ingenting ser mistenkjeleg ut, berre tragisk. Heilt til politiet undersøkjer telefonen hans og finn drøssevis av meldingar frå Michelle (Fanning) som oppmodar han om å ikkje gje opp. Kan ein dømast for å oppmoda nokon til sjølvmord?

Hjernejakt

Korleis taklar familie og vener det når nokon vel døden framfor livet? Korleis kan noko vera viktigare enn å leva? Og blir det betre eller verre av å vita at son din ikkje var så totalt åleine som du trudde, men at han hadde ein kjærast, ei nydeleg, blond, smart ung dame som vi ganske snart skjønar at er ganske ute og køyra?

Og sånn startar ein skikkeleg vellaga serie så full av vendingar og nye innfallsvinklar som berre dei beste maktar ein sjeldan gong. Så er også serieskapar Liz Hannah kvinna bak Mindhunter og The Dropout. Her ligg det nok ein djup fascinasjon for menneskesinnet bak, og heldigvis særskilt gode evner til å fortelja ei historie, og ein sans for detaljar som hevar The Girl from Plainville høgt over standarden i det som strengt talt er i ferd med å ta over seriemarknaden, nemleg sannkrim av den hurtige sorten.

Ukategorisk

Den åtte episodar lange serien går djupt inn i materien frå fyrste start. Elle Fanning er utstudert kjip på ein måte som får deg til å føla deg som eit dårleg menneske; du får lyst til å dra til henne for så å gradvis synast genuint synd i henne. Dei etiske og moralske dilemmaa står i kø, endå så opplagt det heile kan verka.

Her får dei fleste utdelt dosar med skuld, utan at det vert framstilt som at nokon faktisk kan skuldast for sjølvmord. Det kan derimot legemiddelindustrien med sine psykofarmaka, men heller ikkje her blir det lagt udelt skuld. Ah, nyansar! Vinklingar! Ulike versjonar! Eg blir altså så begeistra dei gongene drama klarar å balansera utan å kategorisera, for røynda er sjeldan svartkvit.

Nattemørkt

Skodespelarane er dønn truverdige, særleg før nemnde Elle Fanning, men også Chloe Sevigny i rolla som mor til Conrad – ikkje ei sjablongaktig sørgande-mor-framstilling, men ei kvinne i kjøt og blod, ja, nok ein gong nyansert, rett og slett.

Dermed framstår heilskapen som langt mindre spekulativ enn det ein skulle trudd, med ein serie som går verkeleg tett innpå temaet sjølvmord og ein mogleg ekkel trend blant enkelte unge om å oppmuntra til dette. The Girl from Plainville gjev ikkje svaret, men maktar på heilstøypt vis å problematisera eit scenario så mørkt, så mørkt, men utan at eg blir deprimert av å sjå på.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skodespelarane er dønn truverdige.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis