Nok ei avsløring av familieløyndomar
Roy Jacobsen inviterer til spørsmål kring forlagspolitikk og sjanger.
Roy Jacobsen reflekterer over oppveksten på Årvoll, nord i Oslo.
Foto: Guri Pfeifer
Roy Jacobsen reflekterer over oppveksten på Årvoll, nord i Oslo.
Foto: Guri Pfeifer
Av og til må ein kunne undra seg over avgjersler i forlag. No har Cappelen Damm gjeve ut ei tynn flis av ei bok, 60 små sider, der berre innbindinga utgjer halvdelen av tjukkleiken. Medan prisen er omvendt proporsjonal med sidetalet: 249 kroner. Og dette vert endå rarare når sjølve teksten allereie, og nyleg (i fjor), er publisert i ei anna bok frå forlaget, antologien Det felles eide. Forfattere om offentlig kunst i Oslo, av Eivind Hofstad Evjemo (red.), laga i samarbeid med ei utstilling i Kunstnernes Hus. Der skriv sju forfattarar om sitt tilhøve til ulik offentleg kunst i Oslo. Ein av dei er Roy Jacobsen, som altså har skrive teksten som no kjem ut som særtrykk. Antologien er på 200 mykje større sider og kostar 379 kroner. Ettersom vi må tru forlaget på at alle dei seks andre forfattarane er like «markante» som Jacobsen, og altså verde å lesa, treng ein ikkje mykje reknekunnskap for å skjøna at ein vil gjera eit betre kjøp om ein skaffar seg antologien til Evjemo, sjølv om det primært er Jacobsen ein er interessert i.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.