JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Myllarguten i ny drakt

Den nye boka om Myllarguten er fin å sjå til, med flott format, omfattande biletmateriale og eit stort referanseapparat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Annfrid Berget Haukeland, frå Heddal i Telemark, fødd i 1962, er sjukepleiar og filosof.

Foto: Christine Wendelborg

5370
20220812
5370
20220812

Sakprosa

Annfrid Berget
Haukeland:

Myllarguten.
Livet, legenden,
medspillerne

Dreyers forlag

Når ein skal skrive ei biografisk framstilling om spelemannen Tarjei Augunsson, eller Myllarguten (1801–1872), kjem ein ikkje utanom folkeminnegranskaren Rikard Berge. Same korleis ein skriv om Myllarguten, vil ein ende med å hamne i dialog med Berges tekst, på den eine eller den andre måten – ein kan kritisere Berge, stø seg på han, drøfte han eller nytte han som kjelde, men utanom Berge kjem ein visseleg ikkje. Det gjer då heller ikkje Annfrid Berge Haukeland, som har nytta Rikard Berges monografi som referanse temmeleg mange gonger i den nye boka si om Myllarguten. Berge var grundig og kunne stø seg på ei rekkje samtidige kjelder som både hadde møtt og opplevd Myllarguten som spelemann.

Glad i ord

Den nye boka om Myllarguten er fin å sjå til. Flott format, omfattande biletmateriale og eit stort referanseapparat. Problema dukkar opp når eg skal gå ned i sjølve teksten. Forfattaren er glad i ord, og kan tidvis uttrykkje seg rett så poetisk. Når ho verkeleg syner seg inspirert, står bokstavrima i kø. Ho har ønskt å «samle så mye som mulig», som ho skriv, av tilgjengeleg informasjon om Myllarguten og samtida hans.

Problemet med eit omfangsrikt informasjonsapparat er sjølvsagt korleis ein skal katalogisere det, finne fram i det og avgrense det. Berge Haukeland har ikkje musikkfagleg bakgrunn og vedgår det sjølv. Ho har derimot studert filosofi, med vekt på «sokratisk dialektikk», og er elles sjukepleiar. Ettersom eg delar forfattarens interesse for og kjennskap til Sokrates, får ho orsaka meg om eg ønskjer å etterlyse ein del presiseringar og stiller eit par spørsmål.

Får ikkje med alt

Berge Haukeland har tydeleg vore oppteken av å få sett Myllarguten inn i eit breitt, samfunnshistorisk perspektiv, men dermed møter ho problema med avgrensing. Det er ikkje så liketil å få med alt. Dermed kan sjølve narrativet oppfattast som springande, og sjølv om ho nok har ønskt å avgrense stoffet, kunne eg ha ønskt at ho avgrensa endå meir. Noko kunne nok ha fått plass i ein fotnote – og treng vi i røynda ei utgreiing om Theodor Kittelsen Pest-teikningar når poenget er å gje att segna om Førnesbrunen? For meg er dette ein digresjon. Ho kunne like gjerne ha sitert innleiinga av Dekameronen og stoda i Firenze i 1348. Det er heller ikkje naudsynt å liste opp vinnarane av hardingfeleklassene på Landskappleiken dei siste tjue åra (eller, for den del, gå inn i diskusjonen om kven far til Rikard Berge var).

Ole Bull

Dei breie presentasjonane av Ole Bull kan nok vera naudsynte, men ber preg av at ho har gjort reine avskrifter av Harald Herresthals store verk om fiolinisten. I ei bok om Myllarguten kan ein nok spara litt på informasjonen om Bull, særleg der det ikkje trengst. Bull var viktig for Myllarguten og for lanseringa av hardingfelemusikken, det er vi nok samde om. Men er han meir viktig enn Myllarguten? Det spørsmålet får vi la lesarane avgjera.

Annfrid Berge Haukeland er elles frå Heddal og er fødd i 1962. Dermed har ho vakse opp i eit nynorskområde. (Heddal skifte først til bokmål etter 2000.) Men ho har valt å skrive på bokmål, etter det eg forstår, «for å nå ut til eit breiare publikum». Dette fører tidvis til ein noko kansellistisk stil, der nærleiken til nynorsken kunne ha gjeve forfattaren meir språkleg armslag.

Utanfor miljøet

Men kven er dette «breiare» publikummet? Eg trur tanken var å skapa ei framstilling som er meint for folk utanfor folkemusikkmiljøet. Det ser i alle fall slik ut frå byrjinga. Men då hadde ho ikkje trengt ei utførleg attgjeving av Bjørn Aksdals artiklar om folkedansrytmikk, med faglege termar som ikkje er nærare definerte, der det hadde greidd seg lenge med tilvising til dei vanlege musikktermane to fjerdedels og seks åttandedels takt. Elles er folkedansrytmeteori eit vanskeleg emne jamvel for røynde folkemusikarar, og det er ikkje meir forståeleg på bokmål enn på nynorsk.

Myllarguten – Livet, legenden, medspillerne er ei praktutgåve og vart grundig lansert på årets landskappleik i Rjukan. Tekstleg sett er ho nok ujamn, men ho er fin å ha i hylla. Men eg vil likevel tilrå å gå vidare til dei andre bøkene forfattaren nemner innleiingsvis, mellom anna Berges monografi, eller bøkene om Dahle-spelet og Flatland-spelet.

La denne boka tene som innfallsport til litteraturen som elles finst om spelemannen, men ikkje bruk ho som autoritativ kjelde.

Ætling

Til slutt: Forfattaren er nok litt byrg av at ho er ei ætling av Myllarguten, og dette er nok ein del av bakgrunnen for at boka vart til. Eg, som vart beden om å melde boka, er tippoldebarn av bonden Rikard Berge, som hjelpte Myllaren med å skaffe seg gard på Rauland i tida etter 1850. Den yngre Rikard Berge, som skreiv den første verkelege monografien om spelemannen, er søskenbarn av bestefar min. Men mor hans heitte ikkje Signe, slik boka hevdar. Namnet hennar var Sigrid. Berre for å påpeike ein konkret faktafeil som kunne vore unngått.

Eilev Groven Myhren

Eilev Groven Myhren er folkemusikar og kulturhistorikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

La boka tene som innfallsport til litteraturen som elles finst om spelemannen, men ikkje bruk ho som autoritativ kjelde.

Mor hans heitte ikkje Signe, slik boka hevdar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet

MinneordKultur
Hallvard T. Bjørgum

Munnharpevirtuosen frå Setesdal

Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.

Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret

TeaterMeldingar
Christiane Jordheim Larsen

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis