JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Utan bandet

Ein laussleppt kreativitet oppstår når Aaron Dessner og Justin Vernon lagar musikk saman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aaron Dessner og Justin Vernon lagar musikk saman under namnet Rock Big Red Machine.

Foto: Graham Tolbert

2942
20210827
2942
20210827

Rock

Big Red Machine:

How Long Do You Think It’s Gonna Last?

Jagjaguwar / Playground

Kanskje finst det nokre lesarar som har komme over «Phoenix» og lurt på kva artist dei eigentleg høyrer? Robin Pecknolds tindrande, bukoliske røyst sender tankane til Fleet Foxes, og så syng Anais Mitchell så fint med i duetten, i det eg held for å vere ein av årets finaste songar.

«Phoenix» er å finne på How Long Do You Think It’s Gonna Last?, den nye plata til Big Red Machine, som sikkert er eit namn som får fleire til å stusse. Bak skjuler det seg to velkjende musikarar og markante profilar, nemleg Aaron Dessner (The National) og Justin Vernon (Bon Iver). Sjølv om eit førstealbum kom ut for tre år sidan, gjekk det nok under radaren for mange, og det framstod kanskje som eit hobbyprosjekt, der det kreative fokuset framleis låg på banda deira.

Mangearta miljø

Big Red Machine kan ved første augekast sjå litt ut som eit sånt superbandopplegg som samlar prominente gjestar i fleng. Taylor Swift dukkar opp, og det same gjer sentrale, mindre kjende indienamn som This Is The Kit, Sharon Van Etten, Lisa Hannigan, Shara Nova (My Brightest Diamond) og Ben Howard, i tillegg til Pecknold og Mitchell. Men alle desse profilane er med fordi dei er ein del av eit mangearta musikkmiljø som har eksistert i årevis. 

Dessner og Vernon arbeidde saman for første gong i samband med albumprosjektet Dark Was the Night (2008), altså før det verkelege kommersielle gjennombrotet til både The National og Bon Iver, og har hatt ei rekkje samarbeid i åra som følgde, inkludert på Swifts to siste plater, Folklore og Evermore (2020).

I likskap med desse er How Long Do You Think It’s Gonna Last? spelt inn i Dessners studio nord i delstaten New York, ein sentral musikalsk møteplass i samtidsamericanaen.

Frigjerande energi

Det er sjølvsagt ikkje vanskeleg å høyre tunge ekko frå både The National og Bon Iver på dette albumet, men musikken er også lausare, meir utforskande og kollektiv, sidan gjestane får mykje plass. Kanskje oppstår det ein frigjerande, kreativ energi og ein ny spontanitet når ein ikkje skal ta omsyn til dei forpliktande forventningane til trufaste lyttarar? Slik høyrest det i alle fall ut.

Mykje av How Long Do You Think It’s Gonna Last? er spelt inn på ulike stader, i tråd med pandemiens restriksjonar, men slik var også den musikalske utvekslinga alt då Dark Was the Night i si tid vart laga.

At det er mogleg for Dessner å vere eit kreativt nav som orkestrerer alle røystene og held det heile saman, er eit uttrykk for kor sterke kunstnarlege, samarbeidsorienterte nettverk som kan verte mobiliserte trass geografiske avstandar. Det er mange som ventar på ny musikk frå banda deira, men kven veit kvar hovudfokuset til Vernon og Dessner vil liggje på sikt?

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis