Smittande positivitet
Den spretne klubbmusikken til Anz seier ja til livet uansett tid på døgnet.
DJ Anz byr på eigne komposisjonar på det nye albumet.
Pressefoto
Elektronisk musikk
Anz:
All Hours
Ninja Tune
Den britiske DJ-en og musikkprodusenten Anz er basert i Manchester. Ho spelar spretten klubbmusikk på den frie internettradiokanalen NTS éin laurdag i månaden, og DJ-setta hennar er aldri keisame. Dei krinsar rundt acid house, breakbeat, electro, afrobeat, afrobeats (ja, dette er to forskjellige sjangrar), og andre funky stilartar der det vert lagt stor vekt på basslinene. På All Hours får vi høyre hennar eigne komposisjonar, og her er det òg dei djupe frekvensane som står i fokus.
Medan eg først og fremst har følgt NTS-programmet til Anz på grunn av den fortreffelege og varierte smaken hennar, bidreg også den smittande, positive personlegdomen hennar til å halde merksemda mi. Det er ei glede å kunne melde at også All Hours har desse kvalitetane: EP-en tek lyttaren med på ei variert, smakfull og positiv musikalsk reise.
Den luftige låta «You Could Be» er ein 90-talsaktig soul-dance-popsong om håpefull og frisk kjærleik, krydra med eit nikk til Yellow Magic Orchestra. På «Real Enough To Feel Good» kommuniserer vokalen at det går ordentleg bra, og dei spretne taktene gjer det lett å late seg overbevise av det oppløftande mantraet.
«Last Before Lights» er meir intens og dramatisk i uttrykket, men stadig oppkvikkande. Nok ein gong dukkar ei motiverande stemmesampling opp mellom trommebrekk, brumlebass og 90-talsaktige pianoakkordar: Sjølv om dette skulle vise seg å vere siste låt for natta, kan ingen stogge deg, og som tittelen seier, inneheld All Hours musikk for alle tider på døgnet.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk musikk
Anz:
All Hours
Ninja Tune
Den britiske DJ-en og musikkprodusenten Anz er basert i Manchester. Ho spelar spretten klubbmusikk på den frie internettradiokanalen NTS éin laurdag i månaden, og DJ-setta hennar er aldri keisame. Dei krinsar rundt acid house, breakbeat, electro, afrobeat, afrobeats (ja, dette er to forskjellige sjangrar), og andre funky stilartar der det vert lagt stor vekt på basslinene. På All Hours får vi høyre hennar eigne komposisjonar, og her er det òg dei djupe frekvensane som står i fokus.
Medan eg først og fremst har følgt NTS-programmet til Anz på grunn av den fortreffelege og varierte smaken hennar, bidreg også den smittande, positive personlegdomen hennar til å halde merksemda mi. Det er ei glede å kunne melde at også All Hours har desse kvalitetane: EP-en tek lyttaren med på ei variert, smakfull og positiv musikalsk reise.
Den luftige låta «You Could Be» er ein 90-talsaktig soul-dance-popsong om håpefull og frisk kjærleik, krydra med eit nikk til Yellow Magic Orchestra. På «Real Enough To Feel Good» kommuniserer vokalen at det går ordentleg bra, og dei spretne taktene gjer det lett å late seg overbevise av det oppløftande mantraet.
«Last Before Lights» er meir intens og dramatisk i uttrykket, men stadig oppkvikkande. Nok ein gong dukkar ei motiverande stemmesampling opp mellom trommebrekk, brumlebass og 90-talsaktige pianoakkordar: Sjølv om dette skulle vise seg å vere siste låt for natta, kan ingen stogge deg, og som tittelen seier, inneheld All Hours musikk for alle tider på døgnet.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?