Mellom mørke og lys
Hos Andrea Giordano er det eit balansert tilhøve mellom det attendeskodande og det nyskapande.
Andrea Giordano er songar, komponist og improvisatør.
Foto: Ingo Biermann
Samtidsmusikk
Andrea Giordano:
Àlea
SOFA
Den oslobaserte italienske komponisten Andrea Giordano (f. 1995) har studert jazz og komposisjon ved Noregs musikkhøgskole, mellom anna under rettleiing av Sidsel Endresen.
Denne plata, der ho sjølv spelar organetto og syng, er sett saman av elleve satsar framførte av tolv musikarar i ulike kombinasjonar, der alle spelar akustiske instrument. Likevel er det mange av klangane som like gjerne kunne vore laga av elektroniske instrument. I det heile er det tilhøvet mellom lett attkjennelege lydar (til dømes harpe, tverrfløyte, songstemme) og det udefinerbare som gjer denne musikken spanande.
Uttrykket er neddempa og meditativt, men ikkje utflytande og preglaust, slik det kan ha lett for å bli i mykje av den dronebaserte musikken. Det er eit alvor som pregar musikken, som er tileigna minnet om komponistens ven og mentor Alessandra Giachero. Det sterkt personlege i musikken vert ytterlegare understreka sidan det som finst av tekst i dette verket, er på ein gamal dialekt frå Piemonte som komponisten bruka då ho snakka med bestemor si.
Dette prosjektet er svært personleg, og til dels nostalgisk. Likevel er det ikkje attendeskodande, men byd på originale instrumentringar og speleteknikkar. Her er element frå fortida – både konvensjonelle akkordar og instrumentlydar – men likevel såpass uvanleg samansette at dette verkar svært så forfriskande og nyskapande.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Samtidsmusikk
Andrea Giordano:
Àlea
SOFA
Den oslobaserte italienske komponisten Andrea Giordano (f. 1995) har studert jazz og komposisjon ved Noregs musikkhøgskole, mellom anna under rettleiing av Sidsel Endresen.
Denne plata, der ho sjølv spelar organetto og syng, er sett saman av elleve satsar framførte av tolv musikarar i ulike kombinasjonar, der alle spelar akustiske instrument. Likevel er det mange av klangane som like gjerne kunne vore laga av elektroniske instrument. I det heile er det tilhøvet mellom lett attkjennelege lydar (til dømes harpe, tverrfløyte, songstemme) og det udefinerbare som gjer denne musikken spanande.
Uttrykket er neddempa og meditativt, men ikkje utflytande og preglaust, slik det kan ha lett for å bli i mykje av den dronebaserte musikken. Det er eit alvor som pregar musikken, som er tileigna minnet om komponistens ven og mentor Alessandra Giachero. Det sterkt personlege i musikken vert ytterlegare understreka sidan det som finst av tekst i dette verket, er på ein gamal dialekt frå Piemonte som komponisten bruka då ho snakka med bestemor si.
Dette prosjektet er svært personleg, og til dels nostalgisk. Likevel er det ikkje attendeskodande, men byd på originale instrumentringar og speleteknikkar. Her er element frå fortida – både konvensjonelle akkordar og instrumentlydar – men likevel såpass uvanleg samansette at dette verkar svært så forfriskande og nyskapande.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.