Hannisdal vågar og vinn
Dette er ei perle av ei soloplate.
Inger Hannisdal og fiolinen er åleine på det nye albumet.
Foto: Lama S. Riman
Jazz / Folkemusikk / Samtidsmusikk
Inger Hannisdal:
Free Folk
Inger Hannisdal, fiolin. Fiol Records
Hannisdal gav ut North South, East West i 2022 – ei av dei mest spanande platene det året. Plata hadde mange kvalitetar, mellom anna eit framifrå samspel, men først og fremst særmerkte komposisjonar. Ein kunne såleis venta meir av det same, men nei, Hannisdal utfordrar seg sjølv og lydaren ved å gå i motsett lei.
Soloformatet er krevjande. Å skapa ein halvtime med musikk ved hjelp av fiolin, boge og nokre studiomikrofonar som held lydaren fast, er det ikkje alle som maktar. Mange som gjev ut soloplater, tyr til ymse pålegg, inkludert perkusjon og elektronikk, men Hannisdal står i det og har reinska uttrykket for alt anna enn fiolinen. Det er berre Nils Økland som gjer noko like spanande som Hannisdal her på berget.
Plata inneheld åtte komposisjonar, alle førte i pennen av Hannisdal. Det er ikkje snakk om fri improvisasjon, men vakkert strukturerte stykke som alle er å finna i spaningsfeltet mellom samtids- og folkemusikken. Denne spenninga er aller sterkast til stades i tittelkuttet «Free Folk». Dette er også komposisjonen som har den mest fascinerande forma.
Lydbiletet er nake og gjennomsiktig, og dynamikken er herleg nyansert. Ho brukar ei mengd teknikkar og verkemiddel, men det har alltid ei musikalske grunngjeving. Inger Hannisdal leverer nok ein gong!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz / Folkemusikk / Samtidsmusikk
Inger Hannisdal:
Free Folk
Inger Hannisdal, fiolin. Fiol Records
Hannisdal gav ut North South, East West i 2022 – ei av dei mest spanande platene det året. Plata hadde mange kvalitetar, mellom anna eit framifrå samspel, men først og fremst særmerkte komposisjonar. Ein kunne såleis venta meir av det same, men nei, Hannisdal utfordrar seg sjølv og lydaren ved å gå i motsett lei.
Soloformatet er krevjande. Å skapa ein halvtime med musikk ved hjelp av fiolin, boge og nokre studiomikrofonar som held lydaren fast, er det ikkje alle som maktar. Mange som gjev ut soloplater, tyr til ymse pålegg, inkludert perkusjon og elektronikk, men Hannisdal står i det og har reinska uttrykket for alt anna enn fiolinen. Det er berre Nils Økland som gjer noko like spanande som Hannisdal her på berget.
Plata inneheld åtte komposisjonar, alle førte i pennen av Hannisdal. Det er ikkje snakk om fri improvisasjon, men vakkert strukturerte stykke som alle er å finna i spaningsfeltet mellom samtids- og folkemusikken. Denne spenninga er aller sterkast til stades i tittelkuttet «Free Folk». Dette er også komposisjonen som har den mest fascinerande forma.
Lydbiletet er nake og gjennomsiktig, og dynamikken er herleg nyansert. Ho brukar ei mengd teknikkar og verkemiddel, men det har alltid ei musikalske grunngjeving. Inger Hannisdal leverer nok ein gong!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.