Fullført fragment
Gode soloinnslag og ujamt orkestersamspel prega festivalens fyrste Bach-konsert.
Masato Suzuki ved cembaloen i Kvinnherad kyrkje. Bak han fyrstefiolinist Peter Hanson.
Foto: Liv Øvland
Les også
Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Foto: Liv Øvland
Springande
Les også
Grete Pedersen dirigerer Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester i Riddarsalen.
Foto: Liv Øvdal
Høgdepunktet
Les også
Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788). Utsnitt av koparstikk.
Kjenslevart
Les også
Masato Suzuki og Antoine Tamestit i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Liv Øvland
Trio for to

Konsert
J.S. Bach, W.A. Mozart:
Kammer- og orkestermusikk
Masato Suzuki, cembalo; mfl.
Kvinnherad kyrkje i Rosendal, fredag 9. august
Dei to Bach-konsertane på fredag fann stad i Kvinnherad kyrkje, ei vakker steinkyrkje frå 1200-talet med god, men noko vanskeleg akustikk for større ensemble. Kyrkjeskipet er nemleg skilt frå det store koret med ein murvegg.
Ei romansk bogeopning bind dei to romma saman, men sjølv om opninga er vid, talar me akustisk sett framleis om to rom, og når musikarane står for langt inne mot koret, slepp for lite av lyden ut til publikum. Når cembaloen i tillegg står med ope lok på tvers av bogeopninga og skuggar for strykarane bak, skiplar dette den lydlege balansen til ensemblet.
Bondsk betoning
I soloinnslaga kunne musikaren sitja der han ville, så då var ikkje det akustiske noko problem. Franske Victor Julien-Laferrière fylte kyrkja med avskyggingsrik klang i J.S. Bachs Cellosuite nr. 6 i D-dur, BWV 1012. Preludiet hadde friskt driv, med fine ekkoeffektar, som ikkje berre blei skapte med dynamikk, men også gjennom uvanleg pikant artikulasjon. Desse artikulatoriske finessane imponerte, saman med klokkerein intonasjon i toppregisteret og intelligent vibratobruk.
Andresatsen «Allemande» var også fin, men for sakte framført etter min smak, for eg miste stundom retningssansen i fraseringa. Godt tempo og bondske betoningar fekk me i dei to «Gavotte»-satsane. I finalesatsen «Gigue» var det heller ikkje noko å seia på farten, men større rytmisk stringens hadde fått denne livfulle springdansen til å «svinga» meir.
Konsertfragment
Etter pausen stod to bachske cembalokonsertar på programmet, med japanske Masato Suzuki som solist og leiar. Det vil seia: Den fyrste, Cembalokonsert i d-moll, BWV 1059, var like mykje Suzuki som Bach. Verket eksisterer nemleg berre som fragment; i fyrstesatsen «Allegro» skreiv Bach berre åtte taktar før han skrota prosjektet. Med utgangspunkt i fragmentet og ein kantatesats som liknar, har Suzuki rekonstruert konserten – med lite hell. Suzukis fullbyrding hadde for mange melodiske flosklar og unaturlege overgangar mellom delane.
Sjølve framføringa var også problematisk. Ein ting var slarken i samspelet og dei tekniske bommertane til solisten. Noko anna det akustiske, som har både med den alt nemnde romproblematikken å gjera – andrefiolinen og bratsjen bak cembaloloket var knapt høyrlege – og med at oboen blei for dominerande andsynes strykarane.
Avslutningsnummeret, den fullstendig overleverte Cembalokonsert nr. 3 i D-dur, BWV 1054, var som komposisjon sjølvsagt betre. Men trass i at den engelske fyrstefiolinisten Peter Hanson – som sjølv spelte lytefritt – gjorde sitt beste for å halda strykarane i hop, var heller ikkje her samspelet særleg godt. Bass-seksjonen, i dette høvet celloen og kontrabassen, bør agera motor i slik musikk. Men i staden for å skapa framdrift hang han for ofte etter.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»