Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Låten blei nr. 1 på Billboard Hot 100. Plateselskapet trudde ikkje på låten trass i merittlista hans. Det tok ikkje Swan lang tid å arbeide seg opp frå golvfeiar i studioet til Columbia Records i Nashville til produsent for Tony Joe White. Feiekosten gav han til Kris Kristofferson, som var nykomling i byen. Då Kristofferson slo igjennom, blei Swan bassist i bandet hans.
Før Swan drog til Nashville, hadde rhythm & blues-legenden Clyde McPhatter fått «Lover Please» inn på Top 10. Songen hadde Swan skrive mens han gjekk på high school. I 1969 produserte han Tony Joe Whites funky sørstatssoge om «Polk Salad Annie», som fekk ytterlegare suksess med Elvis.
«I Can Help» komponerte Swan på det elektroniske RMI-orgelet han hadde fått i bryllaupsgåve av Kris Kristofferson og Rita Coolidge. Der fann han dei effektive uptempo bluesakkordane, men i studio spelte han på farfisa. Den avsluttande gitarsoloen med dei kjappe rockabillyriffa blei spelte av produsenten Chip Young. Han var den einaste som spådde megahit. Sommaren 1975 blei «I Can Help» nr. 1 på VG-lista, og Nordre Sving gav han ut på norsk. Swan kunne med rette synge «It would sure do me good to do you good, let me help».
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Låten blei nr. 1 på Billboard Hot 100. Plateselskapet trudde ikkje på låten trass i merittlista hans. Det tok ikkje Swan lang tid å arbeide seg opp frå golvfeiar i studioet til Columbia Records i Nashville til produsent for Tony Joe White. Feiekosten gav han til Kris Kristofferson, som var nykomling i byen. Då Kristofferson slo igjennom, blei Swan bassist i bandet hans.
Før Swan drog til Nashville, hadde rhythm & blues-legenden Clyde McPhatter fått «Lover Please» inn på Top 10. Songen hadde Swan skrive mens han gjekk på high school. I 1969 produserte han Tony Joe Whites funky sørstatssoge om «Polk Salad Annie», som fekk ytterlegare suksess med Elvis.
«I Can Help» komponerte Swan på det elektroniske RMI-orgelet han hadde fått i bryllaupsgåve av Kris Kristofferson og Rita Coolidge. Der fann han dei effektive uptempo bluesakkordane, men i studio spelte han på farfisa. Den avsluttande gitarsoloen med dei kjappe rockabillyriffa blei spelte av produsenten Chip Young. Han var den einaste som spådde megahit. Sommaren 1975 blei «I Can Help» nr. 1 på VG-lista, og Nordre Sving gav han ut på norsk. Swan kunne med rette synge «It would sure do me good to do you good, let me help».
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø