Musikk og arkitektur
Når musikken vert ein stad der det er godt å vera.
Martin Taxt.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Samtidsmusikk
Martin Taxt:
Second Room
Martin Taxt og Peder Simonsen, mikrotonal tuba; Rolf Erik Nystrøm, altsaksofon; Laura Marie Rueslåtten, orgel og klokker; Inga Margrethe Aas, kontrabass. Sofa
Tubaisten Martin Taxt har tidlegare både laga plater der han spelar solo tuba, og der han er i samspel med andre tubaistar. På denne plata er instrumentariet utvida med saksofon, orgel/klokker og kontrabass. Av og til spelar tubaist Simonsen dessutan synthesizer. Kven som spelar kva, er ikkje alltid lett å høyra, for det er oftast tale om lange tonar og klangflater i langsam endring. For det meste mjukt og stille, men det førekjem òg lange crescendoar som kling meir kraftfullt.
Det er to grunnidear i det musikalske universet til Taxt: utforskinga av mikrotonalitet og sambandet mellom musikk og arkitektur. Dette er òg temaet for mastergradsprosjektet hans ved Noregs musikkhøgskule. Sjølv om musikken er resultat av eit teoritungt arbeid, er ikkje dette vanskeleg tilgjengeleg musikk. På same måten som det ligg komplisert arkitektonisk og byggfagleg arbeid bak bygningane me lever i, og me kan leva og trivast der utan å tenka på desse sidene ved bygningen, er musikken til Taxt meir å likna med ein tilstand enn dei ekspressive ytringane mykje annan musikk er prega av.
Plata er sett saman av fire deler som varer rundt ti minutt kvar. Det heile er stramt oppbygd og krev sjølvdisiplin av utøvarane. Likevel er det ei stemning av ro og kvild som dominerer. Som annan velkonstruert minimalistisk musikk er han gjevande anten ein lyder passivt på heilskapen eller fokusert på detaljane.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Foto: Ran Yehezkel
Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen
Den frie israelske pressa er under kraftig press.
Bjørgulv Straume (1938–2024).
Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet
Munnharpevirtuosen frå Setesdal
Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Sau
Noko om sauedrift i Noreg og Wales.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.