Messer en masse
På 1700-talet var hoffet i Dresden ei katolsk øy i eit hav av protestantar.
«Dresden i måneskinn», måla av bergensaren Johan Christian Dahl (1788–1857).
Standardinnspelinga
Schütz, Heinichen, Zelenka, Bach, Ristori, Hasse,
Homilius, Paër:
Meister der Dresdner Kirchenmusik
Ymse kor, solistar, orkester og dirigentar. Carus 2018.
Dresden som kulturby står i særstilling i Tyskland på grunn av den unike kunstsamlinga og barokkarkitekturen. Like imponerande må musikklivet ha arta seg i barokken. Men musikken som beinveges klingande kunstform, må jo – ulikt den bildande kunsten og bygningane – «gjenopplivast» for å opplevast.
Det var dette ei rekkje ensemble og dirigentar gjorde på plateselskapet Carus for fem år sidan, då dei med mammutalbumet Meister der Dresdner Kirchenmusik reiste eit musikalsk monument over den gamle saksiske residensbyen. Boksen med ti CD-ar gjev oss musikk frå tre hundreår. Mange av verka blir sjeldan blir framførte.
Italienskprega
Mesteparten av den innspelte kyrkjemusikken er katolsk og komponert i italiensk stil. Historisk står også Dresdens kyrkjemusikktradisjon i særstilling i Tyskland – av konfesjonelle grunnar. På 1500-talet, i tida då Heinrich Schütz (1585–1672), den eldste komponisten på albumet, blei fødd, var Sachsen det einaste protestantiske kurfyrstedømmet i Tyskland.
Men då kurfyrst August den sterke av Sachsen i 1697 konverterte til katolisismen (for å bli polsk konge), fekk dette som gjerne blir kalla «reformasjonens moderland», brått eit katolsk statsoverhovud og katolsk hoff. Ved hoffet i Dresden styrkte ein utover på 1700-talet dei musikalske banda til Italia og tilsette italienske komponistar og tyskarar som var utdanna der. Ein markant kontrast til nabobyen Leipzig, altså, som var luthersk-ortodoks.
Virtuose blåsarar
Hoffkapellet i Dresden hadde i fyrste halvdel av 1700-talet ry på seg for å vera Tysklands beste, med eineståande homogenitet i strykarklangen og ein messingblåsarseksjon samansett av virtuosar. Hoffkapellmeister Johann David Heinichen (1683–1729) trong ikkje leggja band på seg då han komponerte sine store, teknisk krevjande messer, som albumet har tre av. Messe nr. 9 i D-dur er vel den finaste, med krevjande horn- og trompetparti som minner om G.F. Händels orkestermusikk.
Også svært italiensk, men meir kontrapunktisk prega, kling musikken til den bøhmiskfødde Jan Dismas Zelenka (1679–1745). Denne lite kjende, men særmerkte og spennande komponisten er representert med Te Deum i D-dur. Komposisjonen har store kontrastar, med kraftfulle korsatsar som «Judex crederis» og intime ariar som «Tu ad liberandum», der to fløyter utan bass akkompagner altsolisten.
Musikk av den lutherske kantoren Johann Sebastian Bach (1685–1750) er forresten også med, nærare bestemt byrjinga («Kyrie»- og «Gloria»-delen) av det som seinare blei Messe i h-moll. Med desse komposisjonane, som kunne brukast i både protestantisk og katolsk gudsteneste, søkte Bach i 1733 om ein ærestittel ved hoffet i Dresden, som han tre år seinare fekk innvilga: Compositeur bei der Hof Capelle – «Komponist ved hoffkapellet».
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.