Mellom det insisterande og det anonyme
Slagverkimprovisasjonane til Zach lærer oss å ha ei undrande haldning til rommet mellom musikk og omgjevnader.
Ingar Zach spelar på gran cassa, den store tromma.
Samtidsmusikk
Ingar Zach:
Strumento di etimo incerto
Aspen Edities
I 2021 gav den norske improvisasjonsmusikaren Ingar Zach ut ei svært vellukka duoplate i lag med italienaren Michele Rabbia, der dei utforska kva som kan skje i møtet mellom slagverksinstrument og elektronikk.
Denne nye plata kan sjåast som eit framhald av dette prosjektet, men her er Zach åleine med instrumenta sine – noko som medfører at lydbiletet vert meir nake og gjennomsiktig.
Lange klangflater
Hovudverktøyet til Zach er ein liggjande gran cassa, den store tromma som mellom anna vert nytta i symfoniorkester, der han plasserer ulike vibrerande objekt.
Av og til førekjem tydelege slag, dunk, maskinelle skrapelydar eller klokkeklang, men like ofte er det tale om lange klangflater av meir ubestemmeleg karakter. Og det er denne spenninga mellom det tydelege/artikulerte og meir vage som kjenneteiknar denne musikken.
Medan eg skreiv dette, høyrde eg ein lyd som eg først trudde var ein lastebil på tomgang ute i gata, men det var frå plata. Og dette er ikkje negativt meint – tvert imot: Å lyda til Zachs musikk er samstundes ei trening i å verta var dei uendeleg mange lydane som omgjev oss kvar dag, heile tida.
Improvisert
Eksperimenterande sam-
tidsmusikk kan vera så mykje, frå frijazzens energiske ekspressivitet til den ekstreme og komplekse detaljkontrollen hos partiturkomponistane. Dette er ingen av delane. Musikken er improvisert, men disiplinert og like mykje i slekt med minimalisme og ambient music.
Å lyda til denne plata er atter ei fin påminning om at skilnadene mellom lyd og stille, mellom musikk og omgjevnader, ikkje er absolutte, og at det vakraste ofte er å finna i desse overgangane.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldingar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.