Med fin pensel
Chiaroscuro Quartet briljerer i Beethovens fyrste strykekvartettar.
Originalinstrumentensemblet Chiaroscuro Quartet.
Foto: Sussie Ahlburg
CD
Ludwig van Beethoven:
String Quartets, Op. 18 Nos 4–6
Chiaroscuro Quartet. Bis 2022
CD
Ludwig van Beethoven:
String Quartets, Op. 18 Nos 1–3
Chiaroscuro Quartet. Bis 2021
Ludwig van Beethovens (1770–1827) Seks strykekvartettar, op. 18, var hans fyrste bidrag til ein sjanger som då samlinga kom ut i 1801, gjekk for å vera den mest subtile og intellektuelle i musikken. Verka blei gjevne i oppdrag av fyrst Franz Joseph von Lobkowitz, ein av Wiens fremste mesenar, som i sitt storsinn andsynes kunstnarar øyda den fyrstelege familieformuen. Mot slutten av livet sat han att med ubetalte rekningar, pantsett eigedom – og ein sikker plass i musikkhistoria.
Innlegg i ordskiftet
Strykekvartettane i opus 18 kan oppfattast som Beethovens innlegg i det musikalske ordskiftet om kva god musikk er. Haydn og Mozart hadde med sine sjangerkonstituerande kvartettar sagt sitt. Beethovens bidrag føreslår ein veg vidare. Av dei mange innspelingane tykkjer eg den til Chiaroscuro Quartet er mellom dei beste, særleg teknisk. Volum 1 med dei tre fyrste kvartettane kom i fjor haust. No er volum 2 her.
Ensemblet er internasjonalt: Russiske Alina Ibragimova og spanske Pablo Hernán Benedí trakterer fiolinane, svenske Emilie Hörnlund bratsjen og franske Claire Thirion celloen. Gamle instrument frå mellom 1570 og 1780 blir nytta, med tarmstrenger og den typen boge som var vanleg på Beethovens tid. Dette gjer Chiaroscuro Quartet til eit såkalla originalinstrumentensemble.
Herleg syntese
Omgrepet chiaroscuro er ein måleteknikk som framhevar kontrasten mellom ljos og skugge. Dette samsvarar med eit hovudtrekk ved framføringsmåten på plata, nemleg framhevinga av kontrastar i dynamikk og klangfarge. Sjølv om tempoa ofte er høge, lid ikkje den tekniske presisjonen eller uttrykket generelt under det. Særleg fyrstefiolinisten Ibragimova gjer inntrykk, til dømes i opninga av den lidenskaplege fyrstesatsen i Kvartett nr. 4 i c-moll. Med større klåre og artikulatorisk presisjon kan ikkje dei snirklete ornamenta spelast.
Andresatsen, som overraskande nok òg er snøgg (eit konvensjonsbrot frå Beethovens side), syner kor dyktige også dei hine er. Sjølv i dei linnaste piano-partia har artikulasjonen gjennomtenkte detaljar, som skapte med den finaste pensel.
Yndlingssatsen min i heile opuset er opninga av Kvartett nr. 6 i B-dur. Den er ein herleg syntese av Haydns harmoniske klåre og Mozarts muntre melodikk, sprita opp av Beethovens eldfulle temperament. Tolkinga til Chiaroscuro Quartet kunne ikkje vore meir briljant.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.