JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Makelaus historieformidling

Peter Englund viser krigens sanne ansikt, dag for dag gjennom ein heil månad i 1942.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kanonen på den tyske stridsvogna peikar mot Stalingrad i eit åtak i 1942.

Foto: AP / NTB

5280
20230210
5280
20230210

Sakprosa

Peter Englund:

Onde netters drømmer. November 1942 og annen verdenskrigs vendepunkt i 360 korte kapitler

Omsett av Alexander Leborg
Cappelen Damm

Sidan 2002 har Peter Englund hatt stol nummer ti i Svenska Akademin, og mellom 2009 og 2015 var han fast sekretær for De Aderton. På grunn av store kontroversar internt i Akademin trekte Englund seg ut i 2018, men han er framleis medlem på livstid.

Peter Englund er ein svært skolert krigshistorikar og essayist med ei usedvanleg formidlingsevne slik han står fram i Poltava. Fortellingen om en hærs undergang (1988), i Ufredsår (1993) og i Krigens skjønnhet og sorg (2008). Essaysamlingane Fortidens landskap (1991) og Brev fra nullpunktet (1996) viser i tillegg Englunds ekstraordinære evne til å finne essensen og samanhengen i små detaljar og utvide dei til noko langt større.

Det er også dette han gjer i Onde netters drømmer når han følgjer 14 kvinner og 25 menn gjennom november 1942, krigens vendepunkt, slik den russiske journalisten og forfattaren Vera Inber noterer i dagboka si 22. november når ho høyrer om utviklinga ved Stalingrad: «Kanskje dette er det man gjerne kaller krigens vendepunkt?»

Brev og notat

Englund er heile vegen tett på dette vendepunktet med omlegginga til ein mektig krigsindustri i USA, utviklinga av atomvåpen, det tyske nederlaget i Nord-Afrika, dei japanske tilbakeslaga i Søraust-Asia, alt saman sett gjennom enkeltindivid på begge sider av konflikten, det vere seg eit tysk u-båtmannskap på tokt i Atlanteren eller ei heimeverande husmor i New York, ein australsk krigsfange i Thailand eller ei gruppe partisanar i Belarus.

Felles for alle er at dei skriv dagbok, skriv brev og notat, loggbøker og rapportar, alt saman verdfulle kjelder for den som vil sjå krigens kvardag på nært hald, og ikkje gjennom sensurerte medium eller løgnaktig propaganda.

Korleis greidde ein seg gjennom desse åra, kva for strategiar hadde ein for å overleve? Opportunisme og likesæle var ein slik strategi, dobbeltmoral og fortrenging ein annan, flukt frå røyndommen, og filmindustrien arbeidde på spreng, folk fylte kinosalane, «glemselens templer», som aldri før, og Englund følgjer tett på innspelinga av Casablanca med Humphrey Bogart og Ingrid Bergman. Filmen hadde premiere 26. november 1942 og blei eit viktig bidrag i haldningskampen gjennom resten av krigen.

39 personar

Det er både kjente og ukjente i det portrettgalleriet Englund viser fram, og boka opnar med bilde av kvar einskild av dei 39 aktørane. Samtidig sluttar boka med ei oppsummering av kva som vidare hende med dei. Sju av dei overlevde ikkje krigen. Mest kjent av desse er Sophie Scholl, som saman med broren Hans starta den pasifistiske motstandsgruppa Die Weisse Rose og spreidde antinazistiske flygeblad i og rundt München. Gruppa blei avslørt, og både ho og broren blei halshogde 22. februar 1943, 21 og 24 år gamle.

Den mest kjente i galleriet er likevel Albert Camus, som i november 1942 budde på eit pensjonat i ein fjellandsby ti mil søraust for Lyon, der han søker rekreasjon for tuberkulosen han lir av. Han har nettopp gitt ut Den fremmede (1942), og no skriv han på Pesten som ligg fleire år fram i tid. Etter kvart endar han opp i den franske motstandsrørsla.

Englund dvelar ved fleire av tidas forfattarar: Ernst Jünger er feira av naziregimet både for romanane og for krigsreportasjane han leverer. Samtidig prøver han å halde avstand, og «var perifert innblandet i 20. juli-attentatet mot Hitler i 1944». Like eins med Vasilij Grossman, krigsreporteren som hadde Stalin som ein ivrig og farleg lesar. Etter krigen blei han svartelista, fekk skriveforbod, og den siste romanen hans blei inndratt av KGB og «ikke skulle utgis på tre hundre år».

Skakande lesnad

Den løpande teksten spenner opp eit breitt lerret som dekker alle nyansar ved menneskelege reaksjonsmønster, ved krigen og krigshandlingane, også krigsbrotsverka (på begge sider) blir omtalte nøkternt og sakleg med ein underliggjande indignasjon, ikkje minst over behandlinga av dei mellom 100.000 og 200.000 koreanske sexslavane i japanske feltbordell. Samtidig er skildringa av forholda i utryddingsleiren Treblinka skakande lesnad sjølv om ein veit kva som hende der og over heile det tyskokkuperte området i aust.

Men saman med den løpande teksten er det også hundrevis av interessante fotnotar med saklege opplysningar i kombinasjon med groteske og barbariske fakta, og det er i ein fotnote vi får vite lagnaden Jekaterina Grossman, mor til før nemnde Vasilij Grossman. Han prøvde å få henne med til Moskva, men kona hans meinte at husværet var for lite, så ho blei igjen i Berdytsjiv i Ukraina: «En av de tyske Einsatzgruppen som opererte i området, sto i midten av september 1941 bak en stor massakre i Berdytsjiv, der 12000 av byens jøder ble skutt ute ved flyfeltet. Jekaterina Grossman var en av de drepte.»

Det er også eit rikhaldig biletmateriale som fyller ut og gir ekstra tyngd til teksten. Når ein omsider legg frå seg Onde netters drømmer, veit ein at det er ei bok ein vil vende tilbake til og tilrå på det varmaste til alle som bryr seg om historie.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis