Livet bankar på
Dag Solstad har skrive ei lysande avslutning på soga om Bjørn Hansen.
Mann er manns gaman, sa dei gamle, og det ser ut til at Bjørn Hansen, den tidlegare kemneren på Kongsberg, røyner sanninga i utsegna i denne tredje og siste romanen Dag Solstad har skrive om han. Bjørn Hansen bur i eit lite husvære stappfullt av bøker, han er i indre dialog med dei døde, han er 77 år og skrøpeleg for alderen, han har faste vanar og knapt initiativ til endringar, men ein dag bankar det på døra, for svigerdottera, Thea Nielsen, har på eiga hand tatt avgjerda om at son hennar, Wiggo, som no flyttar frå Bø i Telemark for å studera litteratur i Oslo, skal bu hjå farfaren. Den indre dialogen til Bjørn Hansen endrar seg noko, frå drøs med dei døde til samtaler med fantasiversjonar av levande folk han nok ikkje kjem til å snakka med i røynda. Om det er framgang, er ikkje godt å seia, men det er i alle høve ei utvikling. Kor som er, har Dag Solstad skrive det overtydande. Slik tenkjer ein klok og danna mann.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.