Litt på autopilot
Peter Serck er blitt eldre mens tematikken er den gamle.
Peter Serck debuterte i 1982 og har skrive ei lang rekkje romanar.
Foto: Thomas Brun
Peter Serck debuterte i 1982 og har skrive ei lang rekkje romanar.
Foto: Thomas Brun
Eg las Peter Serck med interesse i 1990-åra og inn i tidleg på 2000-talet. Det var noko kompromisslaust søkande hos han i ei eksistensiell jakt på identitet, roller og speglingar, ofte forankra i borgarlege miljø i hovudstaden og med forgreiningar til andre verdskrigen, konsentrasjonsleirane og lagnaden til jødane. Forteljaren er gjerne ein outsider, tilbaketrekt og forskansa i ein kunstnarleg og intellektuell posisjon som tilskodar til det verkelege livet. Blikket er retta bakover, og tankane kvernar og kvernar i ein indre monolog om det fortidige. «Forgiftet av fortid» er eit uttrykk som stadig dukkar opp, og i årets bok er forteljaren Georg ikkje noko unntak i så måte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.