Kvite menn analyserer politikk i verda
Dette er ei leseverdig bok som burde enten vore taus om postkolonialisme eller gått grundigare inn på han.
SAKPROSA
ANDREAS H. HVIDSTEN og ØIVIND BRATBERG:
Hva er statsvitenskap
UNIVERSITETSFORLAGET
Kva er føremålet til statsvitskapen? Dette omfangsrike faget gjev kunnskap, utdanning og arbeidsplassar, ikkje minst i Noreg. Men nok til å vera eit overordna føremål er dette neppe. Innan faget er ein samd om at statsvitskap skal produsera kunnskap om stat og politikk. Men det er ikkje tilstrekkeleg som ideal, det gjev ikkje «hornmusikk i bringa». Ved sida av statsvitskapleg faghistorie internasjonalt og nasjonalt er drøfting av det overordna føremålet med faget eit viktig tema for denne godt skrivne og kortfatta boka.
Styring
Statsvitskapen kan vera ein danningsvitskap som opplyser ålmenta og hjelper menneska med å forma den gode staten – statsvitskapen motarbeider kortsyn og politisk vankunne. Eller, faget kan by på styringsvitskap og produsera dugelege administratorar til alt frå FN til kommunane. Noko verdfullt kan faget seia om potensialet for styring og endring av offentlege organisasjonar. Og valforskinga er ikkje nyttig berre for journalistar, også partia får der informasjon om veljarane. Partistrategane som hadde lese Valg og velgere. En studie av stortingsvalget 2013 av Bernt Aardal og Johannes Bergh, visste i 2017 at blant partia var Ap-veljarane dei mest splitta i synet på innvandring. Dimed fekk Listhaug ei vesentleg rolle i valkampen.
Statsvitskapen kan vidare nyttast i idealistiske føremål. Vilkår for demokratisering veit statsvitarar mykje om. Faget kan vera ein frigjeringsvitskap eller ein reiskap for fredsskaping. Nokre av forskarane har som mål å avkle kollektive førestillingar, av di førestillingane stør opp om skjult undertrykking. Dette var den marxistiske posisjonen, som andre tok lærdom av. I dag kan feminisme og postkolonialisme nyttast i kritisk analyse, hevdar Hvidsten og Bratberg. Forfattarane av Hva er statsvitenskap meiner at statsvitskapen skal vera både eit danningsfag, eit styringsfag og eit kritisk fag, med større vekt på det første og helst mindre på det andre. Men så kjem nytta inn, både på kollektivt og individuelt plan, noko som styrkjer funksjonen som styringsfag.
Kritikk
Kritisk forsking, som meir radikale utgåver av feminisme og postkolonialisme, ligg i randsona av statsvitskapen, hevder Hvidsten og Bratberg. Då er det interessant å sjå kven som er nemnde i presentasjonen av statsvitskap: I sjølve brødteksten av boka er i alt 76 personar nemnde, dei fleste er forskarar. 20 mannlege og tre kvinnelege nordmenn er med. Av dei utanlandske finn vi 52 vestlege menn, éi europeisk kvinne og ingen ikkje-vestlige menn eller kvinner. I ein fotnote er Edward Said med, den einaste ikkje-vestlege i boka.
Dette syner noko av dilemmaet i statsvitskap: Faget blei starta av menn, og det har eit vestleg opphav, medan ambisjonane er globale. For å drive statsvitskap er ein avhengig av ei ålmente med rom for kritikk og politisk ytring. Då seier det seg sjølv at statsvitskap ikkje har like vilkår i verda.
Denne meldaren tenker at enten burde boka vore taus om postkolonialisme, eller så burde ho gått grundigare inn på han. Statsvitaren Lisa Wedeen meiner til dømes at menn som sit og pratar og tygg khat i Jemen, dimed utøvar demokrati. I det heile er det mykje meir demokrati i den tredje verda enn vestlege skjønar, meiner statsvitaren Uday Chandra. Dette er døme på postkolonialistisk statsvitskap som Hvidsten og Bratberg lett kunne fått greie på. Men grepet deira på eldre fagstoff frå antikken til 1900-talet er særs godt og opplysande.
Det forfattarane kallar positivisme i faget kunne vore presentert ved nyare forsking. I dag er det til dømes kjent mellom statsvitarar at land som skaffar seg eit sterkt presidentembete, oftare blir til diktatur enn land som held seg med ei sterk nasjonalforsamling og eit veikare presidentembete. Dette er døme på vellukka «positivistisk» forsking som godt kunne vore med.
Boka har ein god del fagord, som «deliberativ», «empirisisme», «regimemål» og «korporativ», som vert krevjande å lese for mange. Men alt i alt er Hva er statsvitenskap ei vellukka bok som kan stimulere til fagdebatt.
HERMANN SMITH-
SIVERTSEN
Hermann Smith-Sivertsen er førsteamanuensis ved USN Handelshøyskolen ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Grepet om eldre fagstoff frå antikken til 1900-talet er særs godt og opplysande.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.