JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Skihelten frå Skien

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Wilhelm Rasmussen: Skulptur av Hjalmar Johansen (1958).

Foto: Eva Furseth

1687
20241025
1687
20241025

Før krigen rekna alle med at Wilhelm Rasmussen (1879–1965) kom til å verte skriven inn i kunsthistoria som ein av dei store bildehoggarane. Arbeidet han gjorde for Nasjonal Samling, sette ein stoppar for det. Likevel laga han det beste av monumenta sine etter krigen. Kan hende eit uttrykk for at han hadde mykje å bevise, og ved å legge all energi i å lage eit storslege monument kunne skuggen frå krigsdagane verka bleikare. Han utførte endåtil monumentet gratis, berre utgiftene vart dekte.

Skulpturen står i Skien, byen han vaks opp i. Verket er ei hyllest til den kjende polfararen Hjalmar Johansen, som var ein barndomskamerat frå Skien. Minnesmerket vart avduka med brask og bram i 1958, då Skien feira 600-årsjubileum. Då var Rasmussen godt oppi syttiåra.

Skulpturen er over 2,5 meter høg og viser polfararen brase framover saman med hundane sine, med blikket festa mot noko som ligg langt ute i horisonten. Johansen er enkelt kledd i varme klede og med tjukke vottar. Figuren er plassert på grovt tilhogde granittblokker som gir assosiasjon til isblokker.

Det er ein særs fin heilskap i uttrykket. Går vi heilt inntil, finn vi stor portrettslikskap med Johansen. Rasmussen var ein særs dyktig portrettør. Men i dette verket er likevel ikkje ansiktet det viktigaste, snarare korleis den sterke, atletiske kroppen er samla i ei kraftfull rørsle framover. Monumentet strålar av den viljestyrken og det vågemotet som krevst for å ta seg fram i arktiske strok. Johansen var den einaste som deltok i ekspedisjonane til både Nansen og Amundsen. Verket er monumentalt og heroisk, det er som om Rasmussen har henta ein av vikingkongane sine inn i samtida.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmskapar Øystein Mamen har følgt innsette og tilsette på ein jesuittisk stilleretreat i Halden fengsel.

Foto: Mop distribusjon

FilmMeldingar

Ansikt, innsikt, utsikt

Øystein Mamen gjer døra høg og porten vid i Straff.

Brit Aksnes

Frank Rossavik er sakprosaforfattar og kommentator i Aftenposten. Like før han fylte fire år, forsvann nesten all høyrsel.

Foto: Leikny Havik

BokMeldingar

Frank Rossavik har skrive ei rørande bok om korleis eit høyrselstap kan påverka kven du blir.

ErikMartiniussen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis