JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Konfrontasjonar i ein dysfunksjonell familie

Stillheten byr på strålande samspel i eit dystert kammerspel om det vanskelege familielivet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Medlemmene i den dysfunksjonelle familien vert spelte av Per Egil Aske (t.v.), Sissel Ingri Tank-Nielsen, Frode Bjorøy og Kristian Berg Jåtten.

Foto: Den Nationale Scene

2985
20230127
2985
20230127

Den Nationale
Scene, Lille Scene

Lars Norén:

Stillheten

Omsett av Arne Lygre
Tilrettelagt av Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara

Ein sterk tekst og eit imponerande samspel gjer denne oppsetjinga til noko av det beste i Stefan Larssons sjefstid på Den Nationale Scene. Ein øydelagd familie speler ut alt sitt agg, alle sine håp og det som ligg imellom, formidla gjennom framifrå skodespelarkunst.

Det er vanskeleg å framheve den eine framfor dei andre i dette ensemblet, for sjølve samspelet glitrar, og kvar og ein i kvartetten på scenen leverer fine, nyanserte prestasjonar – anten det skjer i hissige konfrontasjonar, opptrinn med tilløp til ømme kjensler (som sjølvsagt ikkje kan fullførast) eller når dei maktar å ta vare på dei komiske poenga oppe i alt elendet.

Stillheten er den siste og minst spelte delen av Noréns såkalla hotelltrilogi, tre drama skrivne på 1980-talet og med tydelege sjølvbiografiske drag. Medan Natten er dagens mor og Kaos er nabo med Gud har hausta stor internasjonal suksess, har dette, det mest sjølvbiografiske og kanskje mest nærgåande av dei tre, levd eit liv meir i skuggen. Kanskje fordi inspirasjonen frå Eugene O’Neills klassiske Lang dags ferd mot natt er litt for tydeleg. Men stykket står bra på eigne bein.

Morten Borgersen har valt å setje yngstesonen John (Noréns alter ego) i sentrum, og det fungerer fint, ikkje minst fordi han aldri får lov til å bli ein altfor dominerande figur (sjølv om Kristian Berg Jåtten stundom gjer vel mykje ut av denne utagerande skikkelsen). Likeins har Borgersen knytt trådar til det klassiske pasjonsdramaet gjennom Kristus-positurane til John og (løgn-)historia hans om at han skulle ofre livet sitt på korset i eit filmprosjekt.

Men framfor alt er Stillheten forteljinga om eit på alle vis heitt sommardøgn i ein fundamentalt dysfunksjonell familie. Ei biletgjering av alt som gjekk gale, og til dels kvifor. Farens (Per Egil Aske) alkoholisme og periodevise sinnsliding, diktarspira Johns vandring i eit mentalt grenseland, den dødssjuke mora (Sissel Ingri Tank-Nielsen) og den forknytte og bitre storebroren (Frode Bjorøy), den einaste som tek ansvar.

Det denne kvartetten i sum syner fram, er kontakthunger og avvising, kjensleløyse, forakt, svik, fornekting, drift mot sjølvmord, kommunikasjonssvikt (dei kan skrike til kvarandre, men ikkje tale om kjensler), eigenkjærleik og sjølvmedkjensle. Det finst ein lengt etter nærleik og varme i dei alle, men dei kan korkje gi eller ta imot. Dei kan berre levere uartikulerte rop om hjelp og ei bøn om tilgiving som ikkje får noko svar.

I den grad det finst håp, ligg det i kunsten – diktinga og musikken – som sønene dyrkar, og som har ein frigjerande verknad, noko ein open slutt i framsyninga kan antyde.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis