Kjærleiksinferno i full mundur
Ein styggvakker sceneversjon av Bergman-klassikaren Scener ur ett äktenskap går til hjarta.
Alle biroller er tekne vekk i framsyninga på Rogaland Teater. Ekteparet vert spelt av Nina Ellen Ødegaard og Anders Dale.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Alle biroller er tekne vekk i framsyninga på Rogaland Teater. Ekteparet vert spelt av Nina Ellen Ødegaard og Anders Dale.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Det kan gå i mange retningar, på godt og vondt, når ein vil lage teater av noko som opphavleg var film eller TV. Ingmar Bergmans seks episodar lange TV-serie Scener ur ett äktenskap slo hardt ned i skandinaviske TV-skjermar i 70-åra, og den i ettertid nedredigerte kinoversjonen vart ein internasjonal triumf. I sceneversjonen som no går på Rogaland Teater, er alle bipersonane strokne frå rollelista. Vi kjem tett på dei to gifte, Marianne og Johan, i ein serie avgjerande samtalar mellom dei. Noko av løyndomen ved genialiteten til Bergman var nok at han var like sterk i biletbruk som i dialog. Det kan ein òg godt merke i denne teaterhendinga. Det er ei framsyning som har sin eigen karakter, men samstundes er fullt ut Bergman.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.