Kåserande eleganse
Alejandro Zambras bagasje er ein koffert med svingbare hjul, full av bøker.
Chilenske Alejandro Zambra
Foto: Solum Bokvennen
TEKSTER
Alejandro Zambra:
Valgfritt tema
Omsett av Øyunn Rishøi Hedemann
Solum Bokvennen
Det er i år ti år sidan Pax Forlag introduserte den særmerkte chilenske forfattaren Alejandro Zambra på norsk med romanen Måter å komme hjem på. Sidan har Solum Bokvennen gripe fatt i forfattarskapen hans, og gjennom omsetjaren Øyunn Rishøi Hedemann er enda fem titlar tilgjengelege, no sist tekstsamlinga Valgfritt tema.
Eleganse
Noko av det som særpregar Zambra, er ein stilistisk eleganse bygd opp kring anekdotar, notat, digresjonar, omvegar og reine avsporingar, der han sjølv står midt i teksten som observatør og formidlar av fakta og fiksjon. Når ein journalist spør kor sjølvbiografisk han skriv, svarar han ironisk «32 prosent». Samtidig er Zambra universitetslærar i litteratur, og han har inngåande kunnskap om spesielt den spanskspråklege sida, men han kjenner også sin Kafka og sin Proust gjennom hint og sitat.
Valgfritt tema er i tre delar der den første, «Fremførte selvportretter», består av tre foredrag eller kåseri frå 2013, 2014 og 2016. Her snakkar Zambra om eigne røynsler som lesar, lærar og forfattar, og noko av det han understrekar, er at ein aldri skal keie seg verken som lesar eller forfattar. «En lærer burde aldri gi elevene bøker han forstår fullt ut», seier han også. Kjensla av noko uforklarleg er sjølve kjernen i all lesing og skriving.
Han skriv også underhaldande og innsiktsfullt om skrift og skrifta si utvikling frå handskrift, skjønnskrift og maskinskrift fram til dagens digitale skriveprogram, der alt kan redigerast og manipulerast med enkle tastetrykk. Likevel blir «tilhørighet» det grunnleggjande i litteraturen, uavhengig av alskens tekniske nyvinningar: «Det blir sagt at det bare finnes tre–fire–fem temaer i litteraturen, men muligens er det bare ett: tilhørighet.»
Om seg sjølv
I del to skriv Zambra med skrått blikk om seg sjølv og sin eigen generasjon, om foreldra og om eit betent forhold til alt argentinsk, sidan mora finn ein argentinar etter at foreldra har gått frå kvarandre. Men etter ei tid begynner han å like både Argentina, stefaren og argentinsk fotball. «Å være argentiner byr på en svært verdifull mulighet: å slippe å være chilener.»
I den tredje delen, kalla «Familiære ord», skriv han blant anna om sin eigen vesle familie i Mexico by, samtidig som han flettar dette inn i det språkleg familiære med dei skilnadene i ordtilfang som finst mellom chilensk-spansk, argentinsk-spansk og meksikansk-spansk. Kor er ein heime, kor er ein ein framand? Og kor langt skal ein tilpasse seg det framande før ein taper seg sjølv? «Jeg betrakter leiligheten vår (i Mexico by) som chilensk territorium», seier han og føyer til: «Det er vel derfor jeg nesten aldri går ut.»
Valgfritt tema er skriven med overskot og lun humor, og Zambra tar lesaren med på underfundige reiser rundt omkring i eit litterært landskap.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kor langt skal ein tilpasse seg det framande før ein taper seg sjølv?
Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.