JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Jobbsøknaden

Schuberts Ass-dur-messe kling ikkje alltid like «schubertsk».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Franz Schubert (1797–1828). Utsnitt av eit måleri av Gábor Melegh frå 1827.

3083
20230224
3083
20230224

CD

Franz Schubert:

Messe in As-Dur D 678

Kammerchor Stuttgart; Hofkapelle Stuttgart; dir.: Frieder Bernius. Hänssler Classic 2023.

Det var få verk wienaren Franz Schubert bala lenger med enn Messe i Ass-dur, D 978. Han tok til med komponeringa i 1819, og i 1822 avslutta han arbeidet og fekk verket framført. Men han var openbert ikkje nøgd, for i 1825 fann han atter fram partituret og endra alt frå små detaljar til heile satsar.

Ulikt dei andre messetonesetjingane hans var ikkje Ass-dur-messa eit tingingsverk mynta på ein spesiell kyrkjeleg festdag. Ho skulle derimot inngå i ein jobbsøknad – til den lenge vakante visekapellmeisterstillinga ved keisarhoffet i Wien. Men Schubert blei skuffa då han fekk partituret i retur frå den keisarlege kapellmeisteren Joseph von Eybler, med påskrifta: «Messa er fin, den, men ikkje komponert i stilen keisaren likar.»

Keisarens konservative smak og sans for formstreng og skjøneleg musikk hadde Schubert eigentleg teke omsyn til då han reviderte messa, ein revisjon som for det meste gjekk ut på å forenkla satsstrukturen. Men det tre kvarter lange verket var altså framleis «framtidsmusikk» i monarkens øyro. Det gjekk som med så mange av Schuberts store verk: Fyrst nærare førti år etter komponistens død blei stykket atter framført.

God solistkvartett

Den røynde Schubert-tolkaren Frieder Bernius kjem no med ei gjennomarbeidd og interessant innspeling av messa, med Kammerchor og Hofkapelle Stuttgart. Det sistnemnde ensemblet spelar på kopiar av instrument frå tidleg 1800-tal.

Bernius er ein framifrå kordirigent. Men eg er òg nøgd med valet hans av songsolistar. Dei har alle slanke, unge røyster, og i passasjane der dei syng saman i såkalla solistkvartett (til dømes i andresatsen «Gloria»), er klangen vakkert homogen og dynamisk velbalansert. Openbert har alle solistane røynsle som korsongarar. Ein høyrer det på den gode evna deira til å moderera uttrykket og tilpassa seg i samsong med andre.

Stilkopi

Når det gjeld sjølve verket, lyt eg innrømma at det tok lang tid før eg lærte meg å lika Schuberts kyrkjemusikk. Heilt har eg vel forresten ikkje lært det endå.

Noko av det som gjer Schubert til ein av mine favorittar, er det som på fagspråket blir kalla «personalstilen» hans, altså det stilistisk særeigne ved musikken, det som gjer han attkjenneleg «schubertsk».

I messene er ikkje alltid denne schubertske tonen der, særleg i dei kontrapunktiske korsatsane. Korfugen i slutten av andresatsen «Gloria» er eit godt døme. Denne typen lærd, kontrapunktisk komposisjonsmåte var noko Schubert tileigna seg seint i sitt korte liv. G.F. Händels oratorium tente her som førebilete. Det kling då òg litt som stilkopi.

Ekte schubertsk tone, derimot, med plastisk-lyrisk melodiutforming og innfallsrik blanding av strykarar og blåsarar, finn me i den nest siste satsen «Benedictus» – som samstundes er den messesatsen som har minst kyrkjemusikkpreg.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis