Imot fornufta
Clarice Lispectors tekstar dyrkar draumelogikken.
Clarice Lispector døydde i 1977.
Foto: Solum / Bokveggen
Clarice Lispector døydde i 1977.
Foto: Solum / Bokveggen
«Eg skriv for å redde livet til nokon. Sannsynlegvis mitt eige.» Den brasilianske forfattaren Clarice Lispector (1925–77) kunne verkeleg ha trong til å redde både sitt eige liv og livet til andre. Med dei jødiske foreldra rømde ho frå dei grufulle pogromane i Ukraina i 1920-åra. Ikkje lenge etter kom holocaust. Familien nådde ein relativ tryggleik i det nye heimlandet, men mor til Clarice var djupt traumatisert og døydde tidleg. Familien måtte leggje den jødiske identiteten vekk. Denne forfattaren kom frå ei randsone, ein stad så til dei grader utsett, at det ho ville uttrykkje, ikkje kunne gjerast ved å følgje tradisjonelle skrivekunstreglar. I staden skapte ho prosa som riv oss vekk frå det vande og bringar oss ut av det som sløvar oss.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.