«I avtegnet stand»
Vestlandsutstillinga, den eldste landsdelsutstillinga med fri innsending, hadde sidan 1922 vore ei av storhendingane på kunstscena. Dei som falda ut eit eksemplar av Bergens Tidende 23. januar 1932, fekk ikkje berre lese omtale av den årlege mønstringa; i tillegg hadde den anonyme artikkelforfattaren teikna av måleria han skreiv om. Komposisjonane er rissa sirleg opp med mjuk blyant. Biletet øvst til høgre er av Bernt Tunold, som er nemnd i sidespalta. For oss kan det verke pussig at avisa ikkje spanderte foto av noko så visuelt som måleri. Men lesarane heva nok ikkje augebrynet over av kunstverka var trykte i «avtegnet stand». På denne tida var dette gjerne måten ein gjorde det på, endåtil i enkelte kunstkritikkar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.