JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Hytta og verda

Kristian Hæggernes har laga eit nært og fint portrett av ein gløgg og kjenslevar gut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristian S. Hæggernes skriv innanfor mange sjangrar.

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

3581
20221007
3581
20221007

Roman

Kristian S. Hæggernes:

Flo & fjære

Cappelen Damm

Eit kriterium for eit godt liv er om ein har noko fint å sjå fram til. For ti år gamle Daniel i den nye romanen til Kristian S. Hæggernes er det turane ut til morfaren si hytte som representerer den største gleda, og særleg er det slik då romanen tek til, for endeleg er det sommarferie, og han kjem seg vekk frå skulen og dei sosiale prøvingane sameksistensen med andre har å by på. Dette vert ikkje sagt med reine ord, men går fram av tankane hans. For sjølv om Daniel i det meste er ein vanleg gut, er han nok eit par hakk gløggare og meir kjenslevar enn dei fleste.

Med på reisa er mor og far, systera Mathilde, onkel Ivar og tante Marie og dei to døtrene deira, Siri og Helene. Daniel er yngst, og han er merksam på det fenomenet. Han reknar med at kusinene og systera ser på han som barnsleg og teit, men det gjer han ikkje noko, han ser mest fram til å vera i lag med morfaren, som kjem med gode svar på like gode spørsmål. Ein merkar seg under lesinga at det berre er morfaren Daniel rådfører seg med.

Varsamt

Daniel har med seg ein del legofigurar. Dei høyrer til i eit samfunn Daniel har dikta opp. Alle har namn han har funne på, og dei har ein viktig plass i livet hans. Men han veit at tida for den slags leik snart er omme, noko han ser på med vemod. Han er med andre ord ein tenksam gut, som forfattaren tek på det største alvor.

Hæggernes syner oss også litt av livet til dei vaksne, slik Daniel kan observera det, men ikkje alltid forstå det på same vis som lesaren. Til dømes har far til Daniel ei syster, tante Kjersti, som er ugift. Daniel tenkjer slik om dette: «Hvis tante Kjersti blir gift, får jeg en ny onkel, men pappa sier at det skal jeg ikke regne med.» Ein finn fleire slike ørsmå og fine gløtt inn i slikt som ligg utanfor røynsleverda til Daniel, og Hæggernes presenterer dei naturleg og med varsemd.

Det skjer ikkje så mykje stort og spennande i denne teksten, og ein saknar det heller ikkje. Me er i hovudet til Daniel, i tankane han gjer seg, i fantasiane om legofigurane og i gruvling over fenomen i naturen. Og når noko avgjerande finn stad mot slutten, vert det skildra nesten utan ord, det er på ein måte utanfor teksten, slik det også er utanfor alt anna.

Tenksamt

Før det kjem så langt, har lesaren vorte godt kjend med Daniel. Dei små hendingane han registrerer, er relevante også for den som får ta del i dei, og trass i at Daniel fortel mest om det som er kringom han, er det han sjølv som kjem mest til syne. Han syner tidlege, men også tydelege, teikn på sosial angst, og han ser ikkje berre med blide augo på det å veksa til. Andsynes den biologiske utviklinga og kommande puberteten ser det ut til at han kjenner meir skam enn nyfikne, han er på sett og vis for tenksam, og kanskje ligg det noko slikt i slekta, for systera Mathilde er truleg nær på å utvikla anoreksi. Om det har noko med namnet å gjera, ein nominativ determinisme, skal eg ikkje påstå, men eg vil berre nemna at mat er mat, og at hild tyder «kamp».

Dette er ein fin roman, skriven med kjensler og innsikt, fantasi, kløkt og mange gode observasjonar. Kanskje reknar Daniel med at stikkelsbæra mognar litt tidlegare enn dei faktisk gjer, men elles har eg ikkje andre spørsmål til teksten enn dette, som også er den siste artikulerte setninga i serien Twin Peaks: «What year is this?»

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er ein fin roman, skriven med kjensler og innsikt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis