JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Hundre års undring

Ein av dei mest omtalte romanane i historia, Ulysses, fyller 100 år, noko som blir feira over heile verda. Det skulle han visst, James Joyce, då han døydde, for tidleg, utsliten, i eksil.

James Joyce i lag med Nora Barnacle, som han blei vigd til først i 1931, og barna deira, Lucia og Giorgio. Joyce har ingen gjenlevande etterkommarar.

Foto: AP / NTB

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5994
20221223
5994
20221223

Litteratur

marita@dagogtid.no

Vil du ha ei god juleforteljing, les novella «Dei døde», som handlar om eit juleselskap, eller kjenslene og tvangstrøyene rundt det. James Joyce var ein tidleg feminist som lét ei ung kvinne seie, her i Jon Fosses omsetjing (2016): «Menn no for tida pratar berre fine ord og tenkjer berre på éin ting.»

Joyce talte også katolisismen, nasjonalismen og høgkulturen imot, subtilt, med humor, språkleg stålkontroll og enorm kunnskap. Og med det bør ein kunne lykkast. Men han brukte mange år på å få gitt ut novellesamlinga Dubliners og seinare Ulysses, som blei forboden i Storbritannia og USA fordi han brukte tre sider på å skildre eit dobesøk, her i Olav Angells omsetting (1993): «Håper den ikke er for stor, kunne få hemorroider igjen. Nei, akkurat passe. Sånn. Ah!»

Og så blei det litt for mykje sex.

Medisin

James Joyce blei fødd i 1882 og vaks opp i ein typisk irsk familie: Ti barn levde opp i strengt katolske, tidvis lutfattige kår. Men Sunny Jim, som dei kalla han, var oppvakt og fekk utdanning. Han studerte engelsk, fransk og italiensk, var ein habil songar og blei tidleg litteraturkritikar. Han melde Når vi døde vågner då han var 18 år; han hylla Henrik Ibsen og skreiv brev til han – på norsk.

Samtidig studerte han medisin, først i Dublin, så i Paris.

Men nei, han ville berre skrive, drakk opp pengane og masa om meir. Sjuk blei han òg, og auga fekk lide; han trong operasjonar og var svaksynt resten av livet. Då mor hans blei dødssjuk, flytta han heim, men han fekk familien mot seg, særleg fordi han opponerte mot religiøse normer.

Bloomsday

16. juni 1904 tok livet ei vending: Han møtte Nora Barnacle, 20 år og tenestejente. Stemnemøtet, der dei gjekk langt, også i overført betydning, er veldokumentert, ikkje minst i intime brev, men det beste er at heile handlinga i Ulysses er lagd til akkurat denne dagen.

Sidan Ulysses kom ut, har litteraturinteresserte feira 16. juni, Bloomsday, til ære for hovudpersonen, Leopold Bloom. I år blei feiringa større enn nokon gong, i alt frå Chile til Vietnam, og særleg i Szombathely i Ungarn, der far til Bloom, Virág Rudolf, blei fødd, liksom.

James Joyce døydde i Zûrich i januar 1941 blei gravlagd der. Nora Joyce og venner prøvde å få han flytta til Dublin, men dei irske styresmaktene motarbeidde det. Nora forlét aldri Zurich og ligg gravlagd ved sida av han.

Foto: Steffen Schmidt / AP / NTB

Hand til munn

Det unge paret forlét Irland kort tid etter at dei møttest. Dei budde i Pula, Trieste, Roma, London, Paris og Zürich, levde frå hand til munn og fekk barna Lucia og Giorgio.

Joyce var engelsklærar og litteraturmeldar, men jobba utrøytteleg med sitt eige: diktsamlinga Chamber Music (1907), Dubliners (1914), A Portrait of the Artist as a Young Man (1916) og Ulysses, som kom ut på 40-årsdagen hans.

Han fekk òg sett opp teaterstykke, utan suksess, og enkelte kjende forfattarar, som D.H. Lawrence, rakka ned på han, mens andre, som Harriet Shaw Weaver, støtta han økonomisk.

Ernest Hemingway var svirebror, og Joyce blei venn med Carl Jung, som behandla Lucia, som blei schizofren. (Jung skal ha hatt mistanke om at også far hennar leid av schizofreni, men heldt sjukdommen i sjakk fordi han var eit geni.)

Joyces siste bok, Finnegans Wake (1939), er inspirert av Jung og Freud og går for å vere verdas mest krevjande roman. At Leif Høghaug, som så langt har brukt seks år på å omsette han til norsk for Samlaget, skal vere ferdig i 2030, seier sitt.

Mollys monolog

Ulysses er innfløkt nok, men no har vi tusen rettleiingar til korleis vi kan lese og tolke verket, inkludert Joyces eigne skjema på Wikipedia. At lesarar har laga lister over alt frå dei ti grovaste scenene til dei ti dårlegaste vitsane i boka, ville han nok likt.

Sjølv la han inn ein haug lister og oppramsingar, blant anna ei med viktigperar (som «National­-
gym­nasiummuseums­ana­torium­-
andsuspensoriumsordinary­priva­t-
docentgeneralhistoryspecial­-professordoctor Kriegfried Überallgemein») i kapittel 12. Alle kapitla er vigde noko særskilt. Til dømes er 8 vigd mat og drikke: «Mææ. Vaklende ben. Stekt kjøtt og kål. Slakterspann skjelver med lunger. Gi meg bryststykket på kroken. Plopp. Knust hode og blodige knokler.»

Først og fremst er kapittel 1–3 vigde Stephen Dedalus, i starten av tjueåra, Joyces alter ego. 4–15 handlar om Leopold Bloom, ein avismedarbeidar som bruker dagen, altså 16. juni 1904, på å gå rundt i Dublin, mens kona, Molly, møter elskaren sin. I 16 og 17 held Stephen og Leopold kvarandre med selskap, og kapittel 18 er vigd Molly.

Kapitla er relativt «lukka»; dei har sin eigen litterær stil. Kapittel 10 består av korttekstar om bipersonar. 7 er stykka opp med det som liknar avisoverskrifter, 15 er skrive som eit skodespel og 17 i ein vitskapleg stil med spørsmål og svar. I kapittel 13 er perspektivet lagt til eit par jenter som passar småsøskena sine på ei strand der vi òg følger Leopold, som onanerer.

I siste kapittelet får vi ein einaste tankestraum, Mollys, så å seie utan teiknsetting. Og her finn vi mykje av det som førte til sensur, som når ho tenker på «den fornøyelsen de får av en kvinnes kropp vi er alltid så runde og hvite for dem jeg skulle ønske jeg selv var mann for en gangs skyld bare for å prøve med den tingen de har som svulmer opp og blir så hard og» – lenger går vi ikkje her.

Den som ler sist

Det er moro, men den største spøken er at Joyce skreiv Ulysses som ein parallell til Homers Odysseen. Stephen Dedalus er motsvaret til Telemakos, Leopold Bloom til Ulysses og Molly til Penelope. Kapitla heiter «Laistrygonerne» (8), «Navsikaa» (13), «Ithaka» (17) og så vidare, noko som kan ta leselysta frå folk. Men poenget var å bruke Homers struktur til å skildre livet som det er, med dobesøk, eting og drikking, vandring og grubling, fantasiar og onani, bannskap, skrantande forhold og ufullkomne kroppar, mens han harselerte med det etablerte synet på kva som er god litteratur.

Ironisk nok blei Ulysses noko ein las i akademiske kretsar – noko elitistisk.

Men no veit vi betre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis