Høgt under taket
Nils Økland Band har laga album av eit segnomsust tingingsverk.
Nils Økland Band har spelt inn tingingsverket frå Vossa Jazz i 2016.
Foto: Edgard Bachel
Nils Økland Band har spelt inn tingingsverket frå Vossa Jazz i 2016.
Foto: Edgard Bachel
Folke- og improvisasjonsmusikk
Nils Økland Band:
Glødetrådar
Hubro
Lytt til Glødetrådar, det nye albumet frå Nils Økland Band, og du vil finne vegen inn i eit musikalsk landskap som både er solid forankra i tradisjonen og sterkt kjennest som eit uttrykk for det som er her og no. Det dreier seg om eit terreng der grensene mellom folkemusikken og den improviserte musikken og jazzen er uklare, der ein lèt seg rive med inn i det ukjende, utan å gløyme krafta i ein enkel, god tone.
Ein laurdagsmorgon i midten av august sette vi oss i bilen, fekk på Kjølvatn (2015), Øklands første utgiving med dette bandet, som skaffa dei Folkelarmprisen og spellemannprisnominasjon, og køyrde frå Bergen og sørover langs kysten i høljande regnvêr. Målet var staselege Vår Frelsers kirke i Haugesund, der Nils Økland Band denne kvelden skulle spele. For første gong hadde Sildajazz i år ein eigen festivalartist, ei ære som passande nok fall til haugesundaren Økland, som fekk nokre travle dagar med konsertar i ulike konstellasjonar.
Samspelt
Eg har lenge ønskt å høyre denne gjengen utan å få det til å klaffe, og eg skal ikkje leggje skjul på at tørsten etter å høyre musikk framført i eit rom var markant, etter konserttørken som pandemiens herjingar førte med seg. Eg kom til kyrkjebenken med høge forventningar og vart ikkje skuffa – for eit løft det var, det eg fekk vere med på.
Lyset flimra gjennom dei praktfulle glasmåleria, og det var høgt under taket i alle tydingar av orda. Ei konsentrert ro fylte rommet og vart berre broten éin gong, då eit klokkespel i kyrkja sette kontrabassist Mats Eilertsen ut i nokre sekund, før han elegant plukka opp temaet på instrumentet sitt. I tillegg til Økland sjølv på hardangerfele, viola d’amore og fiolin var Rolf-Erik Nystrøm med på saksofonar, Sigbjørn Apeland på trøorgel (og i ei herleg stund på kyrkjeorgelet), og Håkon Mørch Stene på perkusjon og vibrafon.
Det dreier seg om eit band som no er så samspelt at dei framstår som ein slags organisme som saman pustar musikk. I tillegg til dei vi fekk høyre i Haugesund, er Per Steinar Lie (gitar), Ørjan Haaland (slagverk) og bror til Nils Økland, Torbjørn Økland (trompet) med på Glødetrådar. Musikken har opphav i tingingsverket med same namn på Vossa Jazz i 2016, året før Nils Økland Band fekk Spellemannprisen for Lysning (2017). Oppdraget på Vossevangen representerte ein tilbakekomst for Økland, som studerte ved Ole Bull Akademiet på 1980-talet og seinare kom til å leie det, på første halvdel av 1990-talet.
Poesi og punk
Det har gått gjetord om konserten i Vossasalen i 2016, som mange meiner høyrer til mellom dei aller beste tingingsverka festivalen har skipa til, og det er godt at Økland tok seg tid med å føre materialet over til eit album.
Eg har lese ein eller annan stad at Økland sjølv har sagt at han kombinerer poesien i folkemusikken med energien i punken. Begge desse impulsane eksisterer side om side på Glødetrådar, i den skimrande, forsiktige opninga «Blankt vatn», i den tette grooven som får feste i tittelsporet, i det rørande vemodet i «Vals», i albumets nynnande «Sjanti». Med åtte spor og knapt 40 minutt speletid byr dette albumet på ei heil verd av stemningar.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.