Heime hos mor
V.S. Tideman lever seg med overtyding inn i eit sjukt sinn.
V.S. Tideman er nominert til Ungdommens kritikarpris for den nyaste romanen.
Foto: Iris Schber
V.S. Tideman er nominert til Ungdommens kritikarpris for den nyaste romanen.
Foto: Iris Schber
«Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.» Slik startar Jon Fosses roman Naustet frå 1989. V.S. Tidemans roman Jeg, rommet opnar med: «Jeg har sluttet å gå ut, å være aktiv i verden.» Begge romanane handlar om unge menn som trekkjer seg inn i seg sjølv og forskansar seg på guterommet heime hos mor, med den skilnaden at V.S. Tidemans forteljar blir heilt ekstrem, irrasjonell og sjukeleg i morsbindinga si, handlingslamma og utan vilje til å sjå at han er sterkt hjelpetrengande. Han er sin eigen fange og sin eigen fangevaktar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.