Grannvar rapport frå kvardagen
Gaute & Veronika er ein stillferdig og detaljsterk roman om det grunnleggjande i livet.
Kristian S. Hæggernes har skrive fleire bøker i ulike sjangrar.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Kristian S. Hæggernes har skrive fleire bøker i ulike sjangrar.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Kristian S. Hæggernes er ein produktiv forfattar som med den ferske boka si har fullført eit hat trick i bruken av teiknet & – etterkommaren av teiknet Marcus Tullius Tiro, slave og sekretær hjå Cicero, fann opp for 2000 år sidan – i boktitlane sine. Det nemner ikkje Hæggernes, men no kan han skryta av at han vart nemnd i same setning, eller periode, som Cicero, faktisk to gonger no, og det er jo ikkje så reint lite. Hæggernes skriv også ein serie dikthefte under tittelen Jenter fra Bergen, som ein kan finna i den framifrå bokhandelen Boksalongen i Bergen, og det er trivelege dikt utan dei største ambisjonane, det er ikkje Celan, Hölderlin eller Szymborska, men bra nok til at han vart nemnd i same setning, eller periode, som dei tre, så Hæggernes går frå triumf til triumf og lyt takast på alvor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.