Gate opp og gate ned
Det manglar ikkje på lydspor for urbane vandrarar.
John Foxx (t.v.), David Sylvian og Stephan Mathieu har skrive musikk for vandrarar.
Pressefoto
Ambient
John Foxx:
The Arcades Project
Metamatic
Pop/ambient
David
Sylvian & Stephan Mathieu:
Wandermüde
Grönland
Ei gate kan leie den flanerande inn i ei svunnen tid, skriv Walter Benjamin i første bandet av Passasjeverket: «For ham er hver gate fordums.» Det var Paris den tyske filosofen og kulturteoretikaren vandra rundt i, i lyset frå gasslyktene, som han meinte kasta eit tvitydig lys på brusteinen.
Ein av dei mange som har funne inspirasjon i essayistikken, samla i den storarta, fragmentariske, ufullendte tekstmassen som utgjer Passasjeverket, som ligg føre i to flotte norske omsetjingar på Vidarforlaget (2017, ved Arild Linneberg, Janne Sund og fleire), er artisten og multikunstnaren John Foxx (eigentleg Dennis Leigh, f. 1948). Denne våren er han aktuell med The Arcades Project.
Assosiativt
Den som går lenge nok i gatene, og helst utan mål, kjem i ein rus, skreiv Benjamin, i eit av utdraga som har vorte sett saman under tittelen «Flanøren» (sitata er frå Linnebergs omsetjing).
Kanskje dreier det seg om at ein gir seg over til ein tilstand der ein lèt seg overvelde av den assosiative krafta som bur i sjølve tilværet, idet ein vandrar rundt i bylivet og er ein del av ei stor menneskeleg rørsle – som ein likevel er utanfor, og ser inn i.
Komposisjonane til Foxx – dempa, pianobaserte, laust melodiske passasjar – manar fram det assosiative, men utan uro eller rastløyse.
Å lytte til musikken medan ein tek seg fram i urbane omgivnader, gjer noko med blikket, og kanskje det er slik det benjaminske spelar sterkast inn, i kjensla av at rommet rundt ein er lada av det som har vore.
Uavslutta
Tilbake i sitt eige rom kan vandraren gjerne søkkje saman, fullstendig utmatta, skriv Benjamin.
Å vere trøytt av for mykje vandring har sitt eige ord på tysk: Wandermüde (kjent mellom anna frå songsyklusen «Vier Letzte Lieder» (1948) av Richard Strauss). Ikkje rart at Stephan Mathieu valde tittelen då han tok tak i David Sylvians Blemish (2003) og gjorde sin vri på materialet.
Wandermüde kom i 2012, men er no ute på vinyl, med eit bonusspor. Utgivinga har faktisk på sett og vis opphav i Punkt-festivalen i Kristiansand i 2011, der Sylvian høyrde kva som skjedde med albumet han laga saman med Holger Czukay, Plight and Premonition (1988), når Mathieu fekk boltre seg med musikken. Blemish var ei stram, naken og nesten bister utgiving, medan Wandermüde er full av mjuke klangar. I likskap med Foxx’ komposisjonar kjennest dei lada av vandrarens opne blikk, dei har noko uavslutta over seg – som Benjamins lause refleksjonar. Det er berre å få på seg høyretelefonane og finne vegen ut i gatene.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel