Gamelan og spagettiwestern
Den indonesiske identitetsbyggingsmusikken samla på Padang Moonrise er ein forunderleg fryd for øyret.
Pop
Ymse
artistar:
Padang Moonrise: The Birth of the Modern Indonesian Recording Industry (1955–69)
Soundway Records
Britiske Soundway Records er, til liks med til dømes Light In The Attic, Sublime Frequencies, Awesome Tapes From Africa og det nederlandske Music From Memory, av den typen plateselskap som grev og løftar fram gløymde innspelte musikkskattar frå støvete esker og loft kringom på denne planeten vi bur på. Det er eit ærbart og viktig arbeid som bringar forvitnelege tonar, slik som dei på samleplata Padang Moonrise, til øyrekanalar verdsaltet rundt.
Samlinga har eit nærast panasiatisk preg og er full av overraskingar. Musikken blei, ifølgje teksten som følgjer utgjevinga, laga i det postkolonialistiske Java av statsfinansierte musikarar med det oppdrag å bidra til å skape ein ny nasjonal identitet – litt som i Noreg under nasjonalromantikken, kan hende. Norsk folkemusikk kan vere briljant, den (det er jo ganske kuriøst med musikk laga for kyr, til dømes), men denne nasjonsbyggingsmusikken er meir lyttarvenleg enn dei fleste hardingfeleslåttar.
Indonesia er samansett av meir enn 17.000 øyar og 1300 forskjellige folkegrupper, og på Padang Moonrise får vi høyre moderne omkalfatringar av tradisjonelle songar frå Java, Bali og Sumatra med meir, i tillegg til nye songar som skulle styrkje den postkoloniale kulturen med nytt språk og fusjon av stilartar frå fjern og nær.
Musikken som er samla her, er ein forunderleg variert mikstur av mellomaustlegklingande gambus, den melodisk perkusjonssentrerte gamelanstilen frå Java og Bali og andre populære sjangrar og tradisjonelle stilar frå regionen, med sjenerøse islett av latinamerikansk, karibisk og afrokubansk instrumentering, doo-wop, rock’n’roll, jazz og spagettiwesternfilmmusikk. Padang Moonrise er ei velklingande samling full av behagelege overraskingar.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er DJ, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.