Fyrsteleg jul
Korsatsane har schwung når Gardiner dirigerer Bachs julekantatar.
Hyrdingane tilber Jesusbarnet. Måleri frå kring 1650 av nederlendaren Matthias Stom.
Standardinnspelinga:
Johann Sebastian Bach:
Christmas Cantatas
The Monteverdi Choir; English Baroque Soloists; dir.: John Eliot Gardiner. Archiv 2000
Kantate 63, Christen, ätzet diesen Tag, er ein av dei mest storfelte kyrkjekantatane Johann Sebastian Bach (1685–1750) komponerte. Verket er mynta på fyrste juledag (kan hende den i 1714) og krev – i tillegg til blandakor, solistar og dei obligatoriske strykarane – tre oboar og heile fire trompetar og paukar.
Fire trompetar er dobbelt så mange som vanleg i slik kyrkjemusikk. Men så var det då òg ein dobbel fødselsdag som skulle markerast. Bachs arbeidsgjevar på den tid, hertug Johann Ernst IV av Sachsen-Weimar, hadde nemleg åremålsdag 25. desember. Difor var det fødselen til både ein himmelsk og ein verdsleg fyrste som skulle feirast.
Ikkje daudtid
Julekantatane på dette albumet frå 2000, der Bach-eksperten John Eliot Gardiner dirigerer The Monteverdi Choir og English Baroque Soloists, er alle storfelte, kvar på sitt vis. Men på eitt punkt skil dei seg frå typisk barokk julemusikk: Ingen av verka har såkalla pastoralar, altså rolege satsar som skal minna om musikken til hyrdingane og englane på Betlehemsmarka. Slik pastoralmusikk er kjenneteikna av ukompliserte harmoniar, voggande rytmar og instrument som obo og fløyter.
Korsatsen som opnar Christen, ätzet diesen Tag kunne ikkje vore meir annleis. Festen opnar med eit paukeslag, før trompetane og oboane tek til å tevla med fanfarane sine. Kvar gong dei har små pausar – blåsarar må jo trekkja luft – er fiolinane på pletten og fyller tomrommet med kvikke tiradar. Dette er typisk Bach. Daudtid finst ikkje i musikken hans, for kvar gong éi stemme tagnar, tek ei anna over.
Fosterhopp
Kor og orkester er det beste ved Gardiners innspeling. Solistane er ikkje alltid på same nivå. Bassen syng fint nok, men sopranen og alten har uklår diksjon, og klangen læt pressa. Men der er heldigvis nok korsatsar å kosa seg med.
Sistesatsen i Christen, ätzet diesen Tag er uvanleg avvekslingsrik, med eit kraftfullt orkesterforspel som tagnar når koret kjem inn. Måten korklangen byggjer seg opp på dynamisk gjennom ein lang crescendo, minner om det Bach seinare fekk til i sitt største kyrkjeverk, «h-mollmessa». Korsatsen som opnar kantate 64, Sehet, welch eine Liebe (komponert til tredje juledag 1723), er derimot arkaisk og alvorsam. Dette har med den strenge polyfonien å gjera, og med instrumenteringa. Tre kraftige trombonar doblar nemleg korstemmene og skaper ein vegg av lyd.
Kantate 121, Christum wir sollen loben schon (komponert til andre juledag 1724) opnar òg gamalvore, men byr i tillegg på moderne soloariar. Favoritten min er bassarien «Johannis freudenvolles Springen». Denne strykar-akkompagnerte satsen er dansande og spretten, med utruleg lange, ubrotne tonelekkjer hjå songsolisten. Det er døyparen Johannes’ gledeshopp på «Maria besøksdag» som her blir skildra – hoppa hans som foster i magen til mor si då den gravide jomfru Maria kom på vitjing.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.
Foto: Vittoria Bernini
Jentene gjer opprør
Beatrice Salvioni skildrar hardt pressa ungjenter i Førkrigs-Italia i romanen Den fordømte jenta.
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.