Friskt, oppstemt og morosamt
Aksel Røed’s Other Aspects er godt forankra i tradisjonen.
Jazz
Aksel Røed’s Other Aspects:
Do You Dream in Colours?
Andreas Hesselberg Hatzikiriakidis, trompet: Lyder Øverås Røed, trompet og flygelhorn; Aksel Øverås Røed og Lauritz Lyster Skeidsvoll, saksofonar; Michael Terry Barnes, saksofonar og klarinett; Isach Skeidsvoll, piano; Sverre Sandnes Sæbø, bass; Sigurd Steinkopf, trommer.
Is It Jazz? Records
Orienterer ein seg i jazzmiljøet i Bergen, dukkar namnet Aksel Røed fort og ofte opp. Han er både skapande og utøvande musikar og er konsertarrangør gjennom Bergen improklubb og Tedans. Han spelar like gjerne Monk i kvartetten til Knut Kristiansen som frijazz med trioen The Bucks.
Dette mangfaldet høyrer ein att i denne innspelinga. Ikkje berre er komposisjonane stilistisk varierte, dei hoppar elegant frå det eine til det andre. Også solistane har høgst ulike inspirasjonskjelder og ditto uttrykk. Av dette blir det frisk, oppstemt og morosam musikk.
Arrangementa viser at Røed kan utnytta det instrumentariet som er til rådvelde på sofistikert vis, men opnar heile vegen opp for spontane innspel og markeringar, noko som gjer at «To Whom This May Concern» får eit uventa løft etter ein spontan harmonisk vri frå Isach Skeidsvoll.
Innimellom minner ensemblet om nederlandske ICP. Både den utilslørte humoren, dei statiske harmoniske sekvensane og dei frie kollektive utblåsingane fører tankane til ICP, og Steinkopfs kantete «på tuppa»-sving har eit drag av Han Bennik over seg.
I «Bergen Is The Prettiest in Blue» får både Aksel Røed og Isach Skeidsvoll vist seg fram frå si sterkaste side solistisk, men han dokumenterer også kor tett og utvikla samarbeidet mellom dei to har blitt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.