JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Frå toppen av treet

Ingvild Flottorp følgjer opp det kritikarroste debutalbumet frå i fjor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingvild Flottorp er ein vokalist ein straks legg merke til, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Lotte Tangen

3658
20221104
3658
20221104

Americana

Ingvild Flottorp:

I Just Want To Know It All

Feiltrykk

Det må vere litt av ei kjensle småfuglen har, når tida er komen for først å spreie vengene og ta steget frå greina og rett ut i lause lufta, med bakken under seg, langt der nede. Er det rart at det vert velbrukte språklege bilete av slikt?

Nært og familiært

At det endå ikkje er tømt for potensial, er likevel tydeleg om du tek ein lytt til «Here I Go», det tredje sporet på I Just Want To Know It All, det nye albumet til Ingvild Flottorp, som kjem i dag. Livet er fullt av risiko, og impulsen er gjerne å verne seg mot denne – men så må vi likevel ta sjansen og komme oss opp i treet, om det skal verte til noko, ein underliggjande tematikk på fleire av songane på denne plata.

Flottorp, som er 23 år gammal, kjem frå sørlandsbygda Åmli – der ho hadde ein idyllisk oppvekst, om ein skal lese den matte gløden i nostalgiske «Childhood Years» biografisk – og platedebuterte med It All Seems So Clear i fjor vår, til jubel frå kritikarane. Fleire av dei som var med den gongen, er også å finne på I Just Want To Know It All. Ikkje minst har albumet noko nært og familiært over seg: Storebror Tobias Flottorp Heltzer er med på bass og ei heil rekkje andre instrument, og korar, og han har også produsert og miksa, medan storesøster Johanne Flottorp også syng med og i tillegg medverkar på hardingfele.

Ein bør også trekkje fram strykearrangementa til Mathias Langfeldt, som tilfører fleire av songane mykje. Dei som hugsar steelgitaren på «Not Anymore» på førsteplata, kan glede seg over at Øyvind Blomstrøm er med på pedalsteelgitar på I Just Want To Know It All, der han til dømes kler pianoballaden «When We Try» med det dempa, smakfulle spelet sitt. Aller mest sentralt i dette uttrykket står likevel Flottorps reine og klåre røyst, som gir musikken sitt mest tydelege, definerande særtrekk. Ho er ein vokalist ein straks legg merke til.

«Nordicana»

Når ein høyrer «When We Try» og ikkje minst «Colors Are Fading Too», er det ikkje overraskande å finne ut at fleire av desse songane er komponerte på piano, og mang ein lyttar vil nok få assosiasjonar til Carole King. Sistnemnde komposisjon kan også sende tankane til Kate Bush, men Flottorps forankring er gjennomgåande i den nordamerikanske musikken – og meir spesifikt i det produktivt uklåre grenselandet mellom country og rock. Artisten skaffa seg mange norske americanalyttarar med første utgiving, og desse og fleire til kjem til å følgje henne vidare etter haustens album, som etablerer posisjonen hennar i sjangeren fleire likar å kalle nordicana.

Det er tøft å markere seg som låtskrivar i det terrenget, men Flottorp er så vidt i gang, og har det som skal til – høyr berre på karakterteikninga i «Amy», der Amy oppbevarer draumane sine i ein liten boks ingen får lov til å opne, og vil ut til ei verd som er så stor at ho mistar auget for den vesle ho er midt i.

Flottorp er ein av desse artistane som kan synge om det å vere tørst på livet og på same tid gi uttrykk for ein klokskap som levt liv fører med seg, utan at det vert rart – som i avsluttande «Parents», der ho nok ein gong har plassert seg ved tangentane og teiknar eit hjartevarmt bilete av det som kan bu i foreldreskap. Slik tonar I Just Want To Know It All ut i ei oppmoding om å ta vare på andre, slik du vart teken vare på sjølv – om du var så heldig. Og det passar godt for dette fine albumet, som nok kan varme opp mang ei frosen sjel i ein haust som går inn i sin mest hustrige periode.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis