JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Formsikre gjendiktingar

Sapfo frå Mitylene på øya Lesbos (ca. 600 f.Kr.) var ein av dei mest vidgjetne greske lyrikarane, men det meste av det ho skreiv, er gått tapt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sapfo og Alkaios (1881). Alkaios var den andre store lyrikaren frå Lesbos og samtidig med Sapfo. Målarstykke av Lourens Alma Tadema.

Foto: Wikipedia

4922
20220715
4922
20220715

Lyrikk

Sapfo :

Fragment

Gjendikta frå gamalgresk av Per Esben Myren-Svelstad
Gyldendal 2021

Vi kjenner berre eitt fullstendig dikt av Sapfo, resten er fragment. Nokre av dei er nær komplette, men dei fleste er berre lausrivne ord eller uttrykk, som vi kjenner anten fordi dei vert siterte hjå andre antikke forfattarar, eller fordi dei er funne på papyrusfragment under arkeologiske utgravingar. Slik er det òg med dei andre store lyrikarane frå det vi kallar arkaisk tid, altså 600- og 500-talet f.Kr.

Lyrisk

Dette var lyrikkens tidsalder i Hellas. Gresk vart eit skriftspråk på 700-talet, og frå den tidlegaste tida har vi dei store forteljande dikta til Homer og Hesiod, men etter dei kjem lyrikken, med korte dikt der diktaren uttrykker si eiga, subjektive oppleving av verda og gjerne argumenterer for ulike politiske eller filosofiske syn.

Denne lyrikken var ein munnleg kunstart, ho skulla syngjast til akkompagnement frå strengeinstrumentet lyre, derav namnet lyrikk. Då tradisjonen for framføring tok slutt seinare i antikken, vart det òg liten interesse for songtekstane, og difor er det berre nokre få av dei som har overlevd.

Trass i dette har Sapfo alltid vore høgt anerkjend. Platon kalla henne den tiande muse, seinare vart ho rekna med i lista over dei ni store lyrikarane, og i det anonyme skriftet Om det sublime er eit av dikta hennar nytta som døme på sublim kunst. Andre kalla stilen hennar «glatt» og «polert». For grekarane var dette honnørord. Den språklege forma er tilsynelatande enkel og likefram, men dikta er raffinerte og ironiske, meininga ligg i fleire lag og er ikkje alltid lett å bli klok på.

Lesbisk

Slik er det også med Sapfo sjølv. Vi kan ikkje rekne med at den Sapfo vi møter i dikta, er identisk med Sapfo som historisk person. Vi kan forsøke å rekonstruere sosiale kontekstar både for det som skjer i dikta og for Sapfo sjølv, men materialet er forvirrande, og konklusjonane sprikar.

Sapfo skriv om lengt og attrå etter andre, namngjevne kvinner, men trass i dette er det først ganske seint i antikken det vert eit tema at ho var lesbisk i vår forstand av ordet. I den athenske komedien er det derimot ein særs heterofil Sapfo vi møter, og verbet lesbiazein tyder å utføre oralsex på ein mann.

Dette er eit ord Sapfo sjølv ikkje nyttar, og vi finn i det heile ikkje explicit lyrics hjå Sapfo. Tolkingane av den sosiale konteksten Sapfo dikta i, har difor spent vidt, frå prestinne, pensjonatskulelærar og bryllaupssongar til seksualundervisar og horemamma: Namna på dei kvinnene ho talar til og om i dikta sine, er ikkje vanlege greske jentenamn, men typiske horenamn.

I innleiinga gjev Myren-Svelstad eit kort og konsist oversyn over denne debatten, og han syner til nokre av dei mest aktuelle innlegga. Slik gjer han det lett for lesaren å setje seg djupare inn i stoffet. Fotnotar undervegs og eit namneregister til slutt gjev god hjelp i lesinga. Alle sitat frå Sapfo sjølv er tekne med, men dei såkalla testimonia, altså antikke vitnesbyrd om Sapfo, er utelatne. Det er synd, for dei tek ikkje stor plass, og dei er ei god hjelp til å forstå kven Sapfo var, og kva ho har betydd, sjølv om dei ikkje alltid er til å lite på.

Fragmentarisk

Mange av Sapfo-fragmenta er berre spreidde ord på fillete papyrus. Andre gonger aner vi gangen i diktet, eller vi har nokre liner av eit større dikt. Berre åtte–ti dikt er i nærleiken av å vere komplette, og eitt er fullstendig.

Det fullstendige diktet er ei bøn til Afrodite om hell i kjærleik, men i ei sofistikert, litterær form: «Hjelp meg viss du nokon gong før har lytta», seier Sapfo, og ho fortel så korleis det var sist ho bad om det same. Då kom Afrodite smilande til henne og spurde «kven er det no, då?», før ho lova å hjelpe denne gongen òg. Dette fortel Sapfo til gudinna, før ho avsluttar med «kom til meg som før». Slik vert gudinna og det religiøse språket reiskapar for ein ironisk sjølvpresentasjon.

Dette kan tene som ei åtvaring: Der er ikkje noko «primitivt» over tidleg gresk poesi. Dei arkaiske lyrikarane dikta ikkje for å tru seg til skrivebordsskuffen, men for å imponere eit publikum, og det som imponerte, var ikkje å gje autentiske uttrykk for eigne kjensler, men å skape litterære og musikalske kunstprodukt av høg kvalitet.

Grekarane nytta ikkje rim, men dikta hadde ein fast rytme som også låg til grunn for melodien når dei vart sungne, og denne rytmen er det vanleg å halde på ved attdiktingar til germanske språk. Dette er ikkje enkelt, men Myren-Svelstad greier det fint, og attdiktinga vinn mykje på det. Ho vert klårare, meir formell, meir musikalsk, og difor også meir gresk.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag (gresk) ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Der er ikkje noko «primitivt» over tidleg gresk poesi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis