JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Folkemusikkinspirert kammermusikk

Hytta byr på nye realiseringar av detaljar frå norsk folkemusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1688
20230324
1688
20230324

Samtidsmusikk

Anne Hytta:

Brigde

Hush Music

Anne Hytta er ein hardingfelespelar som har lært tradisjonelt slåttespel frå Telemark hjå Einar Løndal og Knut Buen. Ho har dessutan arbeidd med mellomaldermusikk, laga eigne slåttar og komponert ny musikk for hardingfele – gjerne i samspel med andre instrument.

Denne plata kan seiast å vera eit møte mellom impulsar frå folkemusikk og klassisk musikk. Det er langt frå første gongen det skjer. Dei tidlege noteoppskriftene av norsk folkemusikk hadde som mål å tena som råstoff for dei klassiske komponistane i arbeidet deira med å konstruera ein ny «nasjonal» musikk. Seinare har jazzmusikarar nytta det same råstoffet som grunnlag for å vidareutvikla sin musikk. Og i vår tid finst det endelause døme på folkemusikarar (ofte solistar) som omgjev seg med musikarar med bakgrunn i jazz, pop eller rock.

Sett på bakgrunn av dette er det originale ved Anne Hytta sitt prosjekt at ho nyttar små element som er typiske for slåttespelet, til dømes korte motiv og ornament, som utgangspunkt for meir utbygde komposisjonar som ikkje er arrangement av folkemusikk, men meir sjølvstendige komposisjonar.

Hytta sjølv trakterer hardingfela i samspel med strykarar frå Telemark kammerorkester og Amund Sjølie Sveen på vibrafon og glas. Og det er den samla klangen frå musikarane som er i sentrum – ikkje einskildprestasjonar. For det meste er musikken stillferdig og utan kontrastar eller dramatikk. Likevel er det heile stramt komponert og aldri utflytande.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis