JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Flimrande og innfløkt

Romanen har eit potensial som forfattaren ikkje får brukt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eivind Hofstad Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen som kom ut i 2009. Han skriv òg dikt.

Foto: Julia Naglestad

2854
20221209
2854
20221209

Roman

Eivind Hofstad Evjemo:

Den nye årstiden

Cappelen Damm

To gonger sidan 1964 er Tarjei Vesaas’ debutantpris blitt delt mellom verdige kandidatar: i 1995 mellom Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg, i 2009 mellom Kjersti Annesdatter Skomsvold og Eiving Hofstad Evjemo. Alle er i dag godt etablerte med spennande forfattarskap; for dei to yngste sin del enno i startfasen.

Evjemo debuterte med romanen Vekk meg hvis jeg sovner, med handling frå eit småbruk på helgelandskysten der forteljaren minnest oppveksten saman med bestefaren. Framstillinga var prega av draumeaktige minne sveipte i eit biletspråk med imponerande og original presisjon. Årets bok hentar også handling frå eit nordnorsk kystsamfunn med gardsdrift som hovudnæring, og ungkaren Hans Junior har overtatt drifta etter at faren døydde, noko han kjenner som «å drifte sitt eget barndomshjem» og «som om forfedrene sto og tittet ham over skuldrene».

Konflikt

Ein dag kjem Sylvi frå Mattilsynet på umeldt besøk, og ho ser fort at her er det litt av kvart som ikkje held mål etter normal standard. Alt er prega av forfall og dårleg økonomi, sitkagrana et seg heilt inn til husveggene, det er fluger og spindelvev overalt, og husdyra er fulle av flått. Slikt har Sylvi sett mange plassar: Bønder som har gitt opp eller er i ferd med å gi opp. Men Sylvi er ikkje snauare enn at ho flyttar inn hos Hans, og kjærleiken mellom dei to er skildra på ein var og fin måte.

Men Sylvi blir sjuk og sengeliggjande av noko som kan minne om ME, og ho blir ikkje betre av massasje hos ei thailandsk dame som har flytta inn hos Johan på nabogarden. Johan er søskenbarnet til Hans, og forholdet mellom dei to bruka er ganske anstrengt etter noko som hende i foreldregenerasjonen. Det var Johan som melde Hans til Mattilsynet. Slik held dei konfliktnivået ved like.

Flimrande

Det blir opp til lesaren å finne fram i eit handlingsmønster som både er ukronologisk, flimrande og styrt av minnesekvensar, og etter kvart melder spørsmålet seg om kva Evjemo vil med det stoffet han har for handa. Vil han skildre eit landbruk som ikkje maktar omstillinga til ei anna tid med gardsturisme, lokalmat og såkalla berekraftig produksjon, eller slår han eit slag for dei gamle og utdaterte driftsformene?

Evjemo har tidlegare fått mykje skryt for originalt språk og biletskapande fantasi, og ein ser glimt av gammal stordom også denne gongen, men der han tidlegare var både presis og poetisk, blir årets bok prega meir av vilje til originalitet enn av det genuint originale. Det er synd, for romanen hadde tent på ei strammare redigering både på innhaldsplanet og i det språklege.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etter kvart melder spørs­målet seg om kva Evjemo vil med det stoffet han har for handa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis