Flettar saman karrierevegar
Karl Seglem har fokus på tenorsaksofonen og ny musikk.
Karl Seglem har laga eit nytt album i jazzkvartettformatet.
Foto: Oddleiv Apneseth
Jazz
Karl Seglem:
Ei aning grønt
Karl Seglem, tenorsaksofon, vokal og elektronikk; Håkon Høgemo, hardingfele (2,5,7); Andreas Ulvo, piano, synth (1,4,7,8); Reidar Skår, elektronikk (2,5); Sigurd Hole, bass (1,4); Hallvard Gaardløs, bass (2,5,7); Svein Schultz, bass (8); Jonas Howden Sjøvaag, trommer (1,4); Kåre Opheim, trommer (2,5,7,8); Odd Einar Nordheim, vokal (8); Erlend Viken, hardingfele (5); Kenneth Lien, munnharpe og strengeinstrument. Nye nor
Som kunstnar har Seglem følgt tre spor. Han har dyrka eit moderne jazzuttrykk innanfor ramma av kvartettformatet. Verdsmusikken har han jobba med i eit noko større format. Det tredje sporet er nærast for ein restkategori å rekna. Her finn ein samarbeidet med Terje Isungset i Isglem og Utla, der også Håkon Høgemo er med. Seglem har stor interesse for lyrikk og har spelt inn eigne dikt med musikalsk følgje, samarbeidd med Jon Fosse og Berit Opheim. Med sistnemnde har han spelt inn «Draumkvedet».
Med Ei aning grønt miksar han dei ulike retningane. Det er ikkje snakk om ei «best of»-plate. Rett nok vender han attende til gamle trakter med «Rit again», men elles er det ny musikk over heile linja, og tenorsaksofonen er med på åtte av dei ni låtane. På avslutningskuttet «Jordtjuv» er det stemma og elektronikken som gjeld.
Fokuset på ny musikk fører ikkje Seglem inn i freistinga å sjå attende. Tittel- og opningssporet «Ei aning grønt» slår an tonen og er klart den mest vellukka ytringa samla sett. Låten syner at kvartetten Seglem, Ulvo, Hole og Sjøvaag framleis har mykje ugjort. Dei ni låtane utgjer ein fin og variert heilskap, og Seglem dokumenterer at han er ein saksofonist som fortener å bli lytta til. Han er gjerne blitt knytt til dette meiningslause omgrepet fjelljazz, men ingen har integrert så mykje norsk folkemusikk i spelet sitt som Karl Seglem.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.