Han er oppstaden!
Kor mykje oppstandelse The Crow klarar å vekka tretti år seinare, er eg mindre sikker på.
Bill Skarsgård spelar The Crow i ein ny og moderne versjon av den teikna romanen til James O’Barrs.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Action
Regi: Rupert Sanders
The Crow
Med: Bill Skarsgård, FKA Twigs, Danny Huston, Sami Bouajila
Kinofilm
Etter eit ungt, hardt liv møter Eric (Skarsgård) den like skadeskotne Shelly (Twigs) på eit avrusingssenter. Dei stikk av, men fortida innhentar Shelly, og frå det hinsidige trugar, i kjøt og blod, Vincent Roeg (Huston).
Eric og Shelly har ikkje ein kjangs – men skal dei begge hamna i helvete, eller finst det liv etter døden?
Den gamle
Det er berre éin grunn til at eg – som ikkje er fan av verken hollywoodske actionfilmar, det overnaturlege eller overdriven vald – har lyst å sjå The Crow. Og den grunnen er The Crow (1994).
Då teikneserien til James O’Barr fyrste gong vart festa til lerretet, var det sonen til sjølvaste Bruce Lee som spela hovudrolla. Det tragiske som skjedde, var at Brandon Lee døydde i ei arbeidsulukke under innspelinga og aldri fekk sett det ferdige resultatet.
Når kråka no står opp att, tretti år seinare, forventar eg ikkje all verda, men nysgjerrig er eg.
Brit Aksnes om The Crow
På midten av nittitalet florerte det mystiske teoriar om Lee tett knytt opp til rollefiguren, den enigmatiske, vakre og dystre Eric Raven. Det fall saman med og forsterka moglegvis goth-moten som breidde seg utover nittitalet, med mørk sminke, bleik hud og svart hår. Det blei uansett ein film du berre måtte sjå. Så det gjorde eg jo.
Den nye
Eg var ikkje spesielt glad i ovannemnde sjangrar på nittitalet heller, så The Crow gjorde ikkje enormt inntrykk på meg, utanom all mytisk sladder. Når kråka no står opp att, tretti år seinare, forventar eg ikkje all verda, men nysgjerrig er eg.
Alt kan skje i ein film der vampyrliknande vesen rår, midt i den dystopiske, moderne storbyen, med mosegrodd vondskap lurande bak fasadane. Det er likevel høgst lite truverdig at ingen har kode på telefonane sine...
Historia til James O’Barr skal forteljast på nytt, og eg forstår at regissør Rupert Sanders må bruka litt tid på å etablera kjærleiken mellom hovudpersonane. For det er deira udøyande kjærleik, som i løpet av kort tid med sex, stoff og klubbmusikk tydelegvis gjer at dei vil gå gjennom eld og vatn for kvarandre, som skal bera heile grunnen til at Eric blir The Crow.
Me får ta dei på ordet, men særs overtydande er dei ikkje. Den dramatiske forvandlinga til Eric frå dødeleg til evig levande er dels tøff å sjå på, og når hemnaren i han set i gang, går det verkeleg for seg. Goth-elementa er der, men svart, rennande sminke og ein kropp som plutseleg lyser av personleg trenar og proteinpulver, klarar ikkje heilt gjera Bill Skarsgård som The Crow til anna enn ein intenst lengtande fyr med skylappar og kjærleikssorg som gjer at han kan drepa alt og alle rundt seg for å hemna dama si.
Kom ikkje og sei at den gothiske romantikken var død. Han berre gjer seg sånn måteleg på film – igjen.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.