Gamal kjærleik rustar seg
Det mest rørande med denne dokumentaren er kor nøktern han på mange måtar er.
Dokumentar
Regi: Chris Bolan
En hemmelig kjærlighet (A Secret Love)
Med: Pat Henschel, Terry
Donahue, Diana Bolan
Netflix
Dei to gamle damene Pat Henschel og Terry Donahue har levd saman som kjærastar i over seksti år, utan at nokon, inkludert Terry si kjære niese Diana, veit om det. Når både Parkinsons sjukdom og andre eldrevondtar melder seg, er spørsmålet korleis familien skal inkluderast.
På helsa laus
En hemmelig kjærlighet er sjåverdig på mange måtar. For alle som har kost seg med A League Of Their Own (1992) med Geena Davis og Madonna i hovudrollene, er arkivklippa ekstra artige. Arkivmaterialet frå dagane då Terry spelte i den kortvarige, men viktige All-American Girls Professional Baseball League (1943–1954), gjer dokumentaren til ei interessant kjelde for likestillingshistoria i USA. Tidsbileta understrekar også kor lenge homofile har skjult kjærleiken sin, og samstundes kor lenge dei har følt at dei må skjula han. Og her tek regissør (og son til yndlingsniesa Diana) Chris Bolan eit klokt val – i staden for å tværa ut dette at familien får vita om at dei to er kjærastar og korleis dei reagerer, lyt damene sjølve svara for kvifor dei ikkje har sagt det tidlegare, og kva dei skal gjera no når helsa skrantar og alderdomen set hindringar for sambuarskapet, heller enn samfunnet.
Til døden skil
Og her ligg verkeleg styrken i dokumentaren: å få fram kor viktig det er å planleggja for sin eigen alderdom. Det minst kontroversielle med (den tamt insinuerande tittelen) En hemmelig kjærlighet, er at det handlar om eit lesbisk par som har skjult forholdet i så mange år. Det verkeleg rørande er kor konvensjonelle dei er, til liks med dei aller fleste homofile par. Her handlar det om to menneske som berre vil vera saman, men når ein kjem til skils år og alder, betyr helsevesen og omgangskrets vel så mykje som udødeleg kjærleik. Dokumentaren prøver heller ikkje å rosemåla eller forenkla utfordringane som ligg i det å involvera familien. Av og til kan kjærleik utanfrå vera eit trugsmål, om han er aldri så godt meint.
Nyansert og dristig, vil eg kalla denne fine filmen om både skjult og openberr kjærleik i gode og vonde dagar.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.