Fanga i livet
Jeg vil ikke reddes er ei bok som brenner seg fast i lesaren.
Vegard Sæteren debuterte med ei diktsamling i 2017 og har sidan gjeve ut to romanar.
Foto: Heidi Furre
Roman
Vegard Sæteren:
Jeg vil ikke reddes
Flamme Forlag
Av og til dukkar det opp bøker som med stor suggererande kraft fører lesaren inn «på ein våg me ikkje har visst um». Ei slik bok har Vegard Sæteren (f. 1982) skrive, og sjølv om Jeg vil ikke reddes er den tredje boka hans sidan debuten i 2017, skal eg ærleg innrømme at forfattarskapet hans har gått meg hus forbi. Det kan vere fordi han gir ut på vesle Flamme Forlag, og det kan vere fordi bøkene hans knapt er omtalte i media.
Eit slør av mystikk
Jeg vil ikke reddes er ei merkeleg bok, utan sjangernemning, men ho kan lesast både som roman og som ei tekstsamling. Framstillinga og handlinga er sveipt i eit slør av mystikk, lagt i munnen på ulike eg-stemmer, subjektivt og innanfor eit avgrensa område folkesett av sære og originale folk som knapt har kontakt med kvarandre, samtidig som dei strevar med å skjønne kva som faktisk hender rundt dei, utan å finne svar på den eksistensielle fortvilinga dei lever med.
Alt er prega av forfall, uvisse, ei kjensle av undergang og endetid, død og oppløysing, og det som finst av håp, er forsvinnande lite og avgrensar seg til ein draum om at det må vere ein veg bort frå det klaustrofobiske og meiningslause tilværet personane er fanga i, kanskje gjennom ein tunell, kanskje gjennom ei luke som fører til noko anna og forbi dei grensene dei er fanga innanfor.
Det heile er balansert mellom ting og tanke, og ein av personane seier i klartekst at «det er bortkasta tid å gruble på alle dem tinga som ikke har feste i den verden jeg lever i». Ein annan vil gjerne «klamre seg fast til dem håndfaste tinga». Og ein tredje: «Jeg kan ikke kaste bort tida på tanker.»
Groteske situasjonar
Men tanken er der likevel og vil noko anna, og i absurde, tidvis morosame, tidvis groteske situasjonar opnar tekstane seg mot den avgrunnen desse personane lever heilt inntil: einsemda og det totalt meiningslause. Medisinen mot dette blir dei faste rutinane, dei daglege gjeremåla, forsøk på å halde «dem håndfaste tinga» ved like, men alt smuldrar opp under ei brennande sol og ein fiendtleg natur.
Sæteren har nemnt både Beckett og Fosse som litterære førebilete, og ein ser spor etter begge gjennom stiliserte tablå og gjennom det repeterande språket. Språket er dessutan radikalt bokmål med a-endingar, halde i eit munnleg toneleie: «Kanskje har sola kommi litt nærmere uten at vi egentlig merka det? Men bortsett fra det der med sola er ting som dem pleier å værra.»
Vegard Sæteren har skrive ein djupt fascinerande tekst der kva som helst kan hende innanfor dei grunnvilkåra som gjeld for «människans obotliga ensamhet». Strålande gjort!
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.