JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Elegisk energi

Kristina Vårlid reiser eit klingande gravmæle over kunsten til ein nær ven.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den norske klassiske gitaristen Kristina Vårlid.

Foto: Damiano Rosa

2850
20230609
2850
20230609

CD

Rak,
Kosjkin, Takemitsu, Vasks, Schmitz:

5 Stages of Grief

Kristina Vårlid, gitar.
Simax 2023

Tombeau for Sabrina, heiter opningssporet på Kristina Vårlids nye plate. Namnet på dette stutte verket av den tsjekkiske komponisten Štepán Rak (fødd 1945), der gitaren bylgjer i brotne mollakkordar som ei på harpe, kunne vore albumtittel. Utøvarens motivasjon bak innspelinga er nemleg den same som bak komponistens verk: Dei ynskjer å minnast Sabrina Vlaškalic (1989–2019), ein gåverik serbisk klassisk gitarist som – dagen før ho fylte 30 år – døydde i ei trafikkulukke i Groningen i Nederland.

Gåverik er også Vårlid (fødd 1994) frå Stavanger, som var eleven til Vlaškalic og hennar nære veninne. Vårlid blei professor ved konservatoriet i Groningen alt som 24-åring.

Rak og Kosjkin

I Tombeau for Sabrina har Štepán Rak teke opp ein sørgjemusikktradisjon frå barokken. Dette var ein type musikalske gravmonument som vanlegvis blei komponerte for lutt; tombeau er fransk for «gravmæle». Vårlid spelar det ukunstla verket med elegisk energi. Fleksibiliteten i tempoet, dei små pausane mellom frasane – slike verkemiddel byggjer opp ei eiga spenning som stadfester det gamle tyske musikarordtaket om at «pausar også er musikk».

Andresatsen «Adagio» i Sonata no. 2 av russiske Nikita Kosjkin (fødd 1956) har mykje av det same uttrykket, men er meir kompleks. Både her og i den framoverlente opningssatsen «Allegro Moderato» får utøvaren godt fram kontrasterande melodiar i dei ulike registera. Stykket utnyttar gitarens tekniske kapasitetar til fulle.

Finalen «Allegro» er nervøs, med eit abrupt bassmotiv som går att gjennom heile satsen. Kompositorisk er han likevel sonatens svakaste. Bassmotivet kjem for ofte. Når det dukkar opp att mot slutten, gong på gong, med affekterte pausar mellom, er effekten for lengst oppbrukt.

Vasks og Takemitsu

Eg merkjer meg at alle dei fem komponistane på plata er frå ulike land. Midtsatsen «Risoluto» i Sonata of Loneliness av latviske Peteris Vasks (fødd 1946) har likskap med Kosjkins aggressive finalesats, men fungerer betre av di det her er meir variasjon. Vårlid får synt seg frå si virtuose side, før ho i «Con dolore»-satsen atter vender tilbake til albumets grunnstemning.

Den kjende japanske komponisten Toru Takemitsu nyttar eit ganske anna tonespråk. Det siste verket hans, In the Woods, byggjer på eigne inntrykk frå faktiske skogar i Nord-Amerika. (Fyrstesatsen «Wainscot Pond» er eit unntak. Dette landskapet såg han berre på eit postkort.) Musikken er mediterande utan å bikka over i sentimentalitet.

Takemitsu var ein kjenslevar komponist, og Vårlid lukkast i å uttrykkja hans mest sårbare side.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis