Eld og ånd
Chiaroscuro Quartet har vitja Bergen med tidlegromantisk repertoar.
Chiaroscuro Quartet spelar på kopiar av strykeinstrument frå kring 1800.
Foto: Eva Vermandel
Kammerkonsert
Franz Schubert, Felix Mendelssohn Bartholdy:
Strykekvartettar
Chiaroscuro Quartet. Alina Ibragimova og Pablo Hernán Benedí, fiolin; Emilie Hörnlund, bratsj; Claire Thirion, cello.
Opus 16 i Bergen, onsdag 1. februar
Eg er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet under Bergens Kammermusikkforenings konsert med ensemblet Chiaroscuro Quartet: Austerrikaren Franz Schuberts store Strykekvartett nr. 15 i G-dur, D 887. Denne aller siste strykekvartetten han skreiv, fylte heile konsertens andre avdeling. Musikarane hadde spelt seg varme. Dei hadde intenst nærvære på scenen og lét som éin stor klangkropp, samstundes som den musikalske dialogen – måten ensemblemedlemene vekselvis framheva temaa og motstemmene på – skapte eit tonande drama. Med andre ord: Dette var romantisk kvartettkunst på sitt aller beste.
Lys og mørker
Men lat oss byrja med byrjinga. Tre verk av to komponistar stod på programmet. Det opna med Schuberts «Kvartettsats» i c-moll, D 703. Stykket frå 1820 var tenkt som fyrstesats i ein kvartett som aldri blei fullført. Satsen er såleis eit fragment, sjølv om fyrstesatsen i slike firesatsige verk vanlegvis er den viktigaste og difor fint kan nytast separat. Me kan samanlikna det med ei antikk søyle av den doriske eller korintiske sorten der berre søylehovudet er overlevert, og søylehovuda er jo det mest forseggjorde ved slike steinhoggararbeid.
Satsen opnar djupt romantisk, med eit jagande, ottesamt hovudtema i moll som snart glir over i skinande dur. Den stadige kontrasteringa mellom lys og mørker, mellom lyrisk eufori og omskifteleg otte, skaper den spenninga som er så typisk for Schuberts mogne periode. Ensemblet levde her opp til namnet sitt: Chiaroscuro, eit italiensk omgrep frå målarkunsten som tyder «lyst-mørkt», er teknikken som nettopp framhevar desse kontrastane. Ser ein på eit Caravaggio-måleri, til dømes «Matteus’ kalling» eller «Paulus’ omvending», blir det tydeleg kva som er meint.
Bråmogen tyskar
Schuberts kvartettsats varer berre i underkant av ti minuttar. Det tok litt tid før Chiaroscuro Quartet fann tonen, både når det galt det tekniske og uttrykket. Best merka ein det hjå fyrstefiolinisten Alina Ibragimova, som i pianissimopartia (særleg dei snøgge) stundom ikkje fekk bogen til å «ta» skikkeleg i strengene, med diffuse ansatsar og ditto intonasjon som resultat.
I opninga av det andre verket på programmet, Felix Mendelssohns Strykekvartett i a-moll, op. 13, byrja ting å sitja som dei skulle. Denne bråmogne tyskaren – eit ekte Wunderkind – var berre 18 då han komponerte stykket. Med det prova han at han både meistra kvartettkunstens wienerklassike komposisjonsteknikk à la Haydn og Mozart og hadde teke inn over seg Beethovens nye, djupt kjensleladde uttrykksform. Kvartetten blei elles til rett etter at Beethoven døydde i 1827.
Syklisk
Chiaroscuro Quartet spelar på kopiar av strykeinstrument frå tidlegromantikken, med tidsriktige bogar og tarmstrenger (i staden for moderne stålstrenger). Den klanglege klårleiken og fintmerkande artikulasjonen dette mogleggjer, kom best til sin rett i Mendelssohn-kvartetten. Stykket er eit tidleg døme på såkalla syklisk form, som tyder at musikalske tema frå éin sats kjem att i andre satsar og slik skaper ein indre samanheng i verket.
Det sameinande temaet i a-mollkvartetten er henta frå eit av Mendelssohns vokalverk, nemleg kjærleikssongen «Frage. ‘Ist es wahr’» (til norsk «Spørsmål. ‘Er det sant’). Kvartetten opnar med denne melodien, som er ein slags song utan ord – som musikarane greidde å forma naturleg, som eit spørsmål. Andresatsen «Adagio» opnar konvensjonelt romantisk, men går snart over i ein fugeaktig del der temaet også har eit spørjande tonefall. Dette «spørsmålet» kling elles lite optimistisk, eigentleg mest som eit sukk.
Spelet var her presist retorisk og raffinert artikulert. Men celloen kunne gjerne spelt sterkare og slik skapt eit tydlegare bassfundament for harmoniane. Tredjesatsen «Intermezzo» er den mest optimistiske – og utgjer ein markant kontrast til sistesatsen, som tek til med eit slags instrumentalt resitativ, framført med nerve som i ein tragisk opera.
60 verk per år
Men høgdepunktet kom altså etter pausen: Schuberts alt nemnde Strykekvartett nr. 15 i G-dur, som med sine 45 minuttar har eit omfang som ein symfoni. Han blei til sommaren 1826, dryge to år før komponisten døydde, svekt av syfilis, berre 31 år gamal.
Wienaren Schubert kom frå beskjedne kår. Faren var skulemeister og mora kokk før ho gifte seg, så ulikt bankiersonen Mendelssohn måtte han kjempa seg fram i livet og kunsten. Trass i sjukdom og notoriske pengeproblem er han blitt ståande som ein av dei mest produktive komponistane nokosinne, med nærare tusen verk, kring 60 verk per år i perioden han var verksam, altså. For meg er han, saman med Mozart, ein av komponistane som lokkar til kontrafaktisk musikkhistorietenking: Kor annleis hadde vel ikkje musikksoga arta seg om desse hadde fått leva og skapa i 30 år til?
Myten om Schubert som underkjent geni stemmer berre delvis. Særleg kunstsongane hans med klaverakkompagnement, det tyskarane kallar Lieder (som han laga minst 600 av), var populære i samtida. Syklusar som Die Schöne Müllerin og Winterreise konstituerte denne musikkforma. Men med dei store instrumentalverka hadde han vanskelegare for å nå ut. Musikkforleggjarane nølte med å prenta komposisjonane hans.
Melankolsk skjær
G-dur-kvartetten, til dømes, blei ikkje utgjeven før dryge 20 år etter Schuberts død. Han er ikkje mellom dei oftast framførte strykekvartettane hans – kan hende av di verket er så krevjande, for både utøvarar og lyttarar. Men Chiaroscuro Quartet klarte det: å halda på konsentrasjonen og samanhengen gjennom dei lange satsane der stemningsskifta ofte utspelar seg i løpet av få taktar. Me høyrer det i opninga av fyrstesatsen «Allegro molto moderato», som varer i nesten 22 minuttar. Dette er like lenge som ein heil strykekvartett av Haydn, som var det wienarane var vane med den gongen.
Eg elskar Mendelssohn. Likevel har hans kvartett stundom noko akademisk ved seg – ein merkar at dette er ein ung og danna komponist som ynskjer å bli forstått og difor komponerer tydeleg. Schubert, derimot, talar eit kompromisslaust kjenslespråk. Her er eld og ånd, men òg wiensk eleganse. Denne elegansen er likevel tvitydig, med skjær av den melankolien outsideren som er pent oppkledd og send på ball, alltid vil kjenna på. Andresatsen «Andante un poco moto» uttrykkjer dette i sum.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.