JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit tragisk liv

Stig Holmås skriv ømt og varmt om dei aller svakaste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stig Holmås er utdanna bibliotekar og har skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar.

Foto: Eivind Senneset

3005
20230421
3005
20230421

Roman

Stig Holmås:

Der gresshoppen aldri synger

Gyldendal

Stolpejakt er eit populært tiltak som både gir betre helse og betre kjennskap til eigen by, og i fjor haust skanna eg ein stolpe utanfor Gløshaugen offentlige Døveskole (1897–1918) i Trondheim. Når eg nemner dette, er det fordi 10-åringen Sigurd Søvik i Stig Holmås’ nye roman Der gresshoppen aldri synger får plass ved denne døveskolen og blir der i åtte år mellom 1897 og 1905. Her lærer han å skrive og rekne og snakke sakte og utydeleg samtidig som han lærer skomakaryrket, slik at han kan greie seg på eiga hand når han reiser heim igjen til fiktive Jermundstø i Øygarden utanfor Bergen.

I Trondheim har han fått eit menneskeverd og ein identitet, og han har funne kjærleiken i medeleven Bjørghild frå Tylldalen i Hedmark. Dei lover kvarandre truskap og giftemål ved myndig alder. Imens skriv dei brev til kvarandre, men brått blir kontakten broten, og lesaren anar fort kva som skjer. Sigurd går inn i ein djup depresjon der han svingar mellom det apatiske og det utagerande. Det endar med drapsforsøk og innlegging på Møllendal Sindsygeasyl, som igjen leiger han ut som gratis arbeidskraft på gardar rundt omkring, heilt til han klikkar fullstendig og blir innlagd på Valen Sinnsykeasyl. Der finn broren Georg eit menneske i fosterstilling, med bleie, heilt i si eiga verd og umogleg å få kontakt med.

Handlinga spenner over ein 40-årsperiode, og Stig Holmås følgjer familien Søvik og bygdelivet i Jermundstø. Faren Jon Oscar Søvik er ein driftig kar som startar både fabrikk og krambu, men når kona Ingeborg dør, går det utfor med han, sjølv om tenestejenta, den innfule og iskalde Mathea, flyttar frå kammerset og inn i ektesenga. For Sigurd blir dette den store katastrofen i livet, og det håpet som fanst etter åra i Trondheim, blir snudd til det håplause i møtet med familien og bygdemobben når han vender tilbake.

Broren Georg, som lærte han å rekne og skrive bokstavar, har tatt hyre og er borte, mora er død, ingen bryr seg, og Sigurd er tilbake i den omsorgssvikten han har vakse opp med. Det finst ingen rundt han som kan ta grep, hjelpe han og gi han eit verdig liv. Når Georg omsider vender heim, er løpet køyrt, og sviket mot Sigurd kjem for ein dag i all sin banalitet.

Der gresshoppen aldri synger føyer seg inn i ein realistisk romantradisjon som tematiserer omsorgssvikt, mishandling og utanforskap. Det er nok å nemne De vergeløse av Gabriel Scott eller Jonas av Jens Bjørneboe. Går ein til Bergen, Holmås’ eigen by, finn vi både Amalie Skram og Torborg Nedreaas. Likevel blir ikkje Der gresshoppen aldri synger ein tendensroman, for det er ingen brodd mot vår eiga samtid; snarare har Holmås skrive ei litt triviallitterær folkelivsskildring med eit historisk bakteppe der han med innleving og nerve og med blikk for menneskeverdet til dei svake løftar fram eit djupt tragisk liv.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis